Stryk på eksamen

Fylkesordføraren burde ikkje sløse vekk folks skattepengar på at toppolitikarane skal nå ei skuleavslutting.

Publisert:

FANN ROM I KALENDEREN: Anne Gine Hestetun (Ap) er fylkesordførar i Hordaland. Ho flytta eit møte frå Balestrand til Bergen til den nette sum av 60.000 kroner. Foto: Paul S. Amundsen (arkiv)

Dei aller fleste vil strekke seg langt for å kunne delta på skuleavsluttingane til ungane sine. Dei færraste bruker 60.000 offentlege kroner for å få det til.

Det var Sogn Avis som kunne presentere historia denne veka. Fellesnemnda for nye Vestland fylke skulle etter planen ha møte i Balestrand tysdag.

Men då det viste seg at møtet gjorde det vanskeleg for tre av deltakarane frå Hordaland å få med seg ulike skuleavsluttingar, flytta Anne Gine Hestetun (Ap) møtet til Bergen. Hestetun er fylkesordførar i Hordaland og leiar for fellesnemnda.

Les også

Hordaland fylkeskommune er snart historie. Vi sjekket ut livet i høyblokken før den rives.

«Det er heilt sprøtt å kaste vekk pengar på denne måten for at nokre få skal få delta i ei skuleavslutning. Eg har nesten ikkje ord», seier Sigurd Reksnes. Han er gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Og i tillegg: Fordi møtet blei flytta frå Balestrand, gjekk han sjølv glipp av ei skuleavslutting.

For Hestetun er det ikkje eit problem å bruke ein månadsløn eller to på å flytte eit møte: «Foreldre må få vere med ungane sine på skuleavslutning», seier ho til NRK. Den regelen gjeld langt frå alle.

I desse dagar finst det nordsjøarbeidarar, sjukepleiarar, bussjåførar og mange andre som ikkje får delteke når ungane har siste dag på skulen.

Det kan vere leitt, men slik er arbeidslivet for mange. Då må det vere ganske provoserande å sjå at nokre av dei mektigaste menneska på Vestlandet kan bruke skattepengane slik.

Saka blir ikkje betre når NRK legg til kva møtet handla om: Fellesnemnda vedtok å kutte 400 millionar for nye Vestland fram til 2023 – fordi nyfylket har dårleg råd.

Les også

Jens Kihl: Kva vil dei med Vestland?

Den same Hestetun meinte i februar at nivået for ei «anstendig løn» for ein fylkesordførar låg på 1,3 millionar kroner. Heldigvis blei summen jekka ned med hundre tusen, men synet på pengebruk er ikkje heldig.

Sjølve møteflyttinga kostar 60.000 kroner. Det kan verke som ein liten sum på milliardbudsjettet til fylkeskommunen.

Men dei færraste av innbyggarane har ein slik sparegris dei kan bruke av når dei gjerne skulle vore ein annan plass for å delta på noko.

I tillegg er det ei anna side her: Når politikarane kastar vekk pengar på denne måten, går det ut over tilliten til politikarane.

Dermed er kostnaden langt høgare enn dei kronene fylkesordføraren spanderte på å nå skuleavsluttinga.

Hestetun avsluttar vårhalvåret med stryk på eksamen i god pengebruk.

RETTING: I første versjon av denne leiaren stod det at NRK Sogn og Fjordane presenterte historia først. Det stemmer ikkje. Det var Sogn Avis.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».