EU tek leiarskap i klimasaka

Med høge CO₂-avgifter og klimatoll kan EU bli drivkrafta verda treng.

Publisert Publisert

KLIMA: Leiar for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, trugar Kina og andre land med CO₂-toll, viss dei ikkje innfører eigne CO₂-avgifter. Det kan vere naudsynt for at EUs klimapolitikk skal lykkast, skriv BT på leiarplass. Foto: Gian Ehrenzeller / Keystone

  1. Leserne mener

EU har det mest effektive systemet for klimakvotar i verda. Dei neste tiåra skal systemet strammast ytterlegare til.

Men prisen for utslepp kan bli langt høgare for europeisk industri enn for produsentar i andre verdsdelar. Då er sjansen stor for at utsleppa berre blir flytta dit og så importert tilbake til EU som ferdige varer.

Då vil utsleppa globalt ikkje gå ned, og europeisk industri risikerer å bli utkonkurrert. Det igjen vil føre til eit press i opinionen for å reversere klimatiltaka.

Difor er det gledeleg at EU-kommisjonen ønskjer å innføre ei CO₂-avgift på varer frå land utan eigne avgifter på klimautslepp.

Les også

EU setter klima i sentrum i utenrikspolitikken

Ursula von der Leyen er leiar for EU-kommisjonen. På eit møte under Verdas økonomisk forum i Davos i førre veke åtvara ho Kina og andre land: Dei må sjølve innføre karbonavgifter. Viss ikkje risikerer dei å måtte betale CO2-avgift på eksport til EU.

Leyen understrekar at avgifta ikkje skal bli ein ny form for proteksjonistisk toll. Heile poenget er at næringslivet i EU og resten av verda skal konkurrere på like vilkår.

Det vil vere naivt å tru at dette blir enkelt. Til dømes bør ikkje land kome seg unna ved å kompensere for CO₂-avgifter gjennom meir eller mindre skjulte subsidieordningar.

Men ved å bruke si makt som storimportør, kan EU presse omverda til å følgje EUs klimatiltak. Spesielt gjeld det verdas største forureinar, Kina. EU er Kinas nest viktigaste eksportmarknad.

Trugsmålet om ein klimatoll vil legge tungt press på Kina for å få fortgang i planane om å innføre sin eigen kvotemarknad.

Faren ved forslaget er at det kan utløyse nye proteksjonistiske straffetollar, spesielt frå USA under president Donald Trump.

Men utan at europeisk industri får dette vernet, er det vanskeleg å sjå korleis EU, og dermed Noreg, skal få gjennom sin ambisiøse klimapolitikk raskt nok.

Verda styrer mot temperaturar langt over målet i Parisavtalen. Det trengst handling og den må skje raskt. Ingenting er betre enn om EU lykkast i sine ambisjonar, og at dei blir eksportert til resten av verda.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».