«Hjelp, vi søkjer skjenkeløyve»

Kinoen på Lagunen bør få skjenkjeløyve, men dei må vente på at dei nye reglane faktisk kjem først.

Publisert Publisert

ØL: Vaksne folk bør få lov til å drikke øl på kino, slik dei får lov til på mange andre kulturarrangement, meiner BT. Foto: Vegard Wivestad Grøtt/BILDBYRÅN NORWAY (Arkiv)

  1. Leserne mener

I haust vart Ap, MDG, Venstre og KrF einige om ei byrådserklæring som opna for skjenking på fleire stader enn det som er lov i dag, som til dømes kinoar.

Bergen Kino har vurdert dette i fleire år. Nyleg starta ein konkurrent opp på Lagunen, og dei var raskt ute med å søke løyve. Den vart avslått.

Grunnen er at dei nye reglane byrådet har blitt einige om verken har blitt vedtekne i bystyret eller innført.

Les også

Byrådet sier nei til alkoholservering på Lagunen kino

Det kan verke firkanta å vente på eit regelverk som byrådet har varsla, men det er det ikkje.

Skjenkjepolitikken i Bergen er regelstyrt, både for å avgrense omfanget av skjenkjestader, men òg for å la ulike aktørar drive på like vilkår. Reglane skal vere godt greidde ut, der ulike konsekvensar vert vurderte.

Noko av det som må takast stilling til, er korleis ein sikrar at kinoen framleis blir ein fin stad for barn og unge, samtidig som det kan skjenkjast alkohol ved enkelte framvisingar.

Ei setning i ein byrådsplattform er ikkje eit godt nok grunnlag for å få skjenkjeløyve. Bystyret må vedta reglementet først.

Sidan KrF har gått med på å utvide reglementet til å gjelde kinodrift, er det gode sjansar for at det får fleirtal.

Det er på tide.

Vaksne folk bør få lov til å drikke øl på kino, slik dei får lov til på mange andre kulturarrangement.

Skjenkjepolitikken har tidlegare blitt brukt som eit næringspolitisk verkemiddel, som då Apollon fekk løyve i 2012. Utvidinga frå butikk til platebar har ifølgje eigarane sikra drifta.

Utviklinga i talet på kinobesøk liknar på den nedgangen som førte til at Apollon ville utvide.

Skjenkjeløyve kan bidra til å gjere dette kulturtilbodet meir attraktivt, slik alkoholservering har bidrege til å gjere Hovedbiblioteket til ein større kulturarena.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».