Torget treng fleire folk

Skissene til Torget og Bryggen er spenstige – men altfor grå.

Publisert: Publisert:

GRØNARE TORG: – Ein gjennomgåande mangel i dei ulike framlegga er tre. Berre eitt av framlegga har grøne innslag. Det bør vere fleire tre når kommunen skal teikne det endelege framlegget, meiner BT. Foto: ILLUSTRASJON: HAVNEN DEN GODE

Fredag presenterte byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) fem bidrag i arkitektkonkurransen for Torget og Bryggen.

Skissene viser korleis kommunen kan oppgradere heile aksen frå Bryggen via Torget til Torgallmenningen.

I dag er Torget og Bryggen forringa av biltrafikk. Slik kan det ikkje vere i framtida. Området må bli meir attraktivt for både bergensarar og turistar, og då må biltrafikken ned. Arkitektkonkurransen skal gi inspirasjon til planarbeidet for Bybanen til Åsane, som er vedteken å gå langs Bryggen.

Det er ein fagjury som skal vurdere dei ulike framlegga, men no treng Bergen debatt om Torget og Bryggen.

Les også

Slik kan det nye Torget bli

Debatten bør handle om kva byen vil ha – og ikkje berre kva ein ikkje vil ha. Motstandarane bør ikkje bruke denne arkitektkonkurransen som ein omkamp om bybanetrasé til Åsane. Motstandarane av trasévalet bør tvert imot engasjere seg for å finne dei beste løysingane for Torget og Bryggen.

Samtidig er det grunn til å minne om at det neppe ville vore ressursar til å ruste opp området, dersom Bybanen hadde blitt planlagt i tunnel. Dette er sjansen byen har til å gjere Bryggen og Torget betre.

Fleire av skissene er kontroversielle, og inkluderer nye utfyllingar i Vågen, nye bygg og gangbruer. Når bystyret skal avgjere korleis området skal sjå ut i framtida, må det skje med respekt for fortida.

Torget og Bryggen har mange titals kulturminne som byen må ta vare på.

Men så lenge ein er i idéfasen er det viktig ikkje å vere for avvisande til nye og utfordrande tankar. Dette byområdet har nemleg endra seg mange gongar gjennom historia.

Ein gjennomgåande mangel i dei ulike framlegga er tre. Berre eitt av framlegga har grøne innslag. Det bør vere fleire tre når kommunen skal teikne det endelege framlegget.

Saman med redusert biltrafikk og god kollektivdekning vil det gjere Bryggen og Torget meir tilgjengeleg og meir attraktivt. Politikarane må bryte opp i dagens turistdominans i området. Bryggen og Torget er for fint til at bergensarane ikkje skal bruke det i dagleglivet.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».