Året med rusk i forgassaren

Lærdomen frå 2019 er at Bergen treng politikarar som søkjer samarbeid i vanskelege saker. Det er vanskelegare enn det kan høyrest ut som.

Publisert Publisert

NOK VAR NOK: Bergenspolitikken blei prega av harde frontar i 2019. Her er ein av trailerane i køyr sakte-aksjonen i april fotografert i Christies gate. Foto: Bård Bøe (arkiv)

  1. Leserne mener

Bompengar. Byutvikling. Og Bybanen endå ein gong. Det politiske året i Bergen blei prega av harde, uforsonlege frontar der det var lite vilje til å setje seg inn i motstandarens perspektiv.

Bompengeaksjonistane fekk det glatte lag av mange miljø- og klimaengasjerte i byen. Og Bergen treng bompengane. Både for å betale gjeld, men også for å løyse utfordringane vi har framfor oss.

Men det går fullt an å meine at Bergen må gjere noko med både klimagassutslepp, svevestøv og biltrengsel – og samstundes vere kritisk til korleis bompengetakstane slo ut.

For å seie det enkelt: 41,6 prosent av veljarane i Hordvik krins er neppe klimafornektarar sjølv om dei røysta på Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).

Les også

Bybanestriden

Det same biletet blei tydeleg i bybanesaka: Det er framleis kaos om kor vidt traseen mot Åsane skal gå over Bryggen eller i tunnel.

Partia i byen har gjort dette til eit så dominerande spørsmål at det står i vegen for å få gjennomført annan politikk til beste for byen.

Valet gav eit resultat som burde vere ein augeopnar for byens øvste folkevalde. Det sitjande byrådet med Ap, Venstre og KrF gjekk kraftig tilbake. Høgre gjekk vidare tilbake frå krisevalet i 2015.

Samstundes gjorde FNB eit val dei færraste ville trudd på eit halvt år tidlegare. 25.053 bergensarar røysta FNB. Det viste seg at det var for lettvint å ignorere bompengemotstanden.

Men det var ikkje berre bompengeaksjonistane som gjorde det godt: Også klimaengasjerte parti som Miljøpartiet, SV og Raudt – i tillegg til Senterpartiet – gjekk markert fram.

Les også

Ni personer har fortalt sin historie om fattigdom. Les dem her.

Valet gav med andre ord ikkje eit tydeleg mandat til nokon av blokkane. Bergenspolitikarane, med Høgre og Ap i spissen, burde ha nytta høvet til å finne saman på tvers av grensene og avklart ein del store bysaker.

Skal bypolitikken igjen kunne handle om saker som kvalitet i skulen, god eldreomsorg eller kamp mot fattigdom, trengst det ei avklaring i bybanesaka.

Det er sjølvsagt vanskeleg å finne gode kompromiss i saker der det ikkje er ei naturleg mellomløysing. Men byen treng politikarar som søkjer saman i ei vanskeleg sak.

Då må nok ein del politikarar i Bergen bli betre på ein edel, men vanskeleg kunst:

Å godta eit nederlag og gå vidare.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».