Fjorden, baby

Vestlandet må få auga opp for sjøen igjen. Med ny teknologi kan den blå vegen bli klimavenleg.

Fjorden er langt opnare og raskare å ferdast på enn tronge bygater. På korte avstandar bør ein satse heilelektrisk, meiner BT. Helge Sunde (Arkiv)

Hurtigbåtar har i dag svært store klimautslepp – ein passasjer på båten står for fire gongar så store utslepp pr. kilometer som ein flypassasjer.

Det seier seg sjølv at med slike tal, svarar det seg ikkje å flytte passasjerar frå buss til båt. Når båtane vert heil- eller halvelektriske, søkk klimautsleppa drastisk.

Då er det på tide for vestlendingen å ta sjøvegen meir i bruk.

I Bergen syslar byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) med det ho kallar for ei «bybane» til sjøs. Med ei tenkt rute frå Breiviken og Sandviken i nord, via Torget til Laksevåg, Møllendal og Store Lungegårdsvann, meiner ho at bilistane kan få eit godt alternativ til sjøs.

Fjorden er langt opnare og raskare å ferdast på enn tronge bygater.

På så korte avstandar som det er snakk om her, bør ein satse heilelektrisk.

Les også

Dagens hurtigbåter er mye verre for klimaet enn flyene. Nå vil vestlandspolitikere ha statlig hjelp til å bytte dem ut.

I Sogn og Fjordane har dei òg store planar for hurtigbåtane sine. I dag er det tre lokalruter og ei langrute mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

I første omgang ser fylket føre seg ei klimavenleg pendlarrute mellom Florø og Måløy, eventuelt Selje.

Noko av det viktigaste politikarane i det nye Vestland fylke kan gjere, er å koordinere desse planane. Som eit nytt fylke, er det viktig å sikre at kommunikasjonen over dei gamle fylkesgrensene blir god.

Er dømevis Gudvangatunnelen eller Vikafjellet stengt, vert transporten mellom nord- og sørfylket svært avgrensa. Då er sjøvegen eit svært godt alternativ.

Les også

Vil bygge nullutslipps hurtigbåt

Det er dyrt å gå i front. Fylkeskommunane i vest elektrifiserer allereie ferjer og bussar. Skal dei gå i front på hurtigbåtar òg, kan rekninga bli høg.

Det finst statlege støtteordningar for slike investeringar, men i Bergen ønskjer Tryti òg eit samarbeid med private.

Alternativet er likevel verre enn den høge kostnaden. Dersom ingen kjøper elektriske båtar, kan utviklinga stoppe opp. Denne utviklinga kan òg bidra til ei heilt nødvendig omstilling av industrien her i vest.

Nye Vestland fylke er eit stort sjø- og fjordfylke. Det er viktig at det offentlege brukar innkjøpsmakta si til å dytte utviklinga i rett retning.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».