Eit varsku for beredskapen

Helgas cruisedrama bør føre til ein debatt om kor vidt Noreg har ein beredskap som tek høgd for framtidas masseturisme.

DRAMATISK: I helga fekk cruiseskipet «Viking Sky» motorhavari i svært hardt vêr over Hustadvika. Frank Einar Vatne, NTB Scanpix

Søndag ettermiddag kom cruisebåten «Viking Sky» trygt til hamn i Molde. I skrivande stund ligg ei kvinne i 90-åra alvorleg skadd på sjukehus. Likevel skal vi vere glade for at det ikkje gjekk mykje, mykje verre.

Helgas dramatikk rundt cruiseskipet frå Bergen opnar for ei rekkje spørsmål. Det er bra at både politiet, Havarikommisjonen og media går inn i denne saka no. Folk langs heile kysten spør seg korleis dette kunne skje.

Noko veit vi likevel allereie: Redningsmannskapet gjorde ein imponerande innsats. Ei rekkje instansar frå offentleg, privat og frivilleg sektor samarbeidde godt gjennom dei dramatisk timane.

Les også

Politiet har iverksatt etterforskning etter ulykken med «Viking Sky»

Det er sterkt å høyre redningsmannskapet fortelje om det krevjande og viktige arbeidet til beste for folk, miljø og skip. Noko slikt har knapt vore utført tidlegare.

Motorhavariet skjedde heldigvis i eit område der det er tett mellom dei som kan hjelpe: Helikopter frå petroleumsnæringa, kystvaktskip, 330-skvadronen, fleire sjukehus og organisasjonar som Norsk Folkehjelp og Raudekrossen er berre nokre av dei som stilte opp i helga.

Kva skjer den dagen eit cruiseskip av denne storleiken får motorstans utanfor finnmarkskysten – eller for den del Svalbard?

Les også

Redningsleder Cecilie Øversveen var forberedt på en katastrofe

Cruiseturismen har dei seinare åra vore i kraftig vekst her til lands. Veksten har vore omstridt, både på grunn av følgjene for miljøet og negative effektar av masseturisme. I den samanhang er det positivt at reiarlag som Viking Cruises utvidar sesongen til andre tider på året enn sommaren.

Utfordringa er, som nær-forliset på Hustadvika viste, at norskekysten kan vere vêrhard om vinteren. Dermed vil slik turisme stille auka krav til beredskapen.

Sjukestova i Longyearbyen på Svalbard har til dømes under ti sengeplassar. Det er timevis til fastlandet. Det er lett å tenkje seg at ei havari av den typen som kunne oppstått i helga, ville fått alvorlege følgjer i andre delar av landet.

Les også

Statfjord-helikopteret hentet 59 personer fra «Viking Sky»

Dette er også spesielt sårbare naturområde. Det er ikkje alle delar av kysten rundt Noreg eller Svalbard som er like godt budde på å hindre oljesøl som det Vestlandet er.

Om Noreg ikkje kan sikre tryggleiken til cruisepassasjerane, må vi vere restriktive med kva slags turisme vi legg til rette for.

Frøy Gudbrandsen deler hver uke sine tanker om det som skjer i politikken og tipser om aktuelle kommentarer. Meld deg på nyhetsbrevet her!

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».