Trugslane mot oss

Trugslar mot politikarar er eit åtak på demokratiet. Det er godt at PST tek det på alvor.

POLITISK VALD: – Det er gledeleg at PST aukar innsatsen for å handtere trugslar mot politikarar, gjennom det dei sjølv kallar for «Operasjon Hat», meiner Bergens Tidende. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Publisert:

Sjansen for eit terroråtak på norsk jord er liten, ifølgje PSTs opne vurdering.

Den mest alvorlege terrortrugselen kjem framleis frå ekstrem islamisme, trass i at terrorgruppa IS har blitt svekt.

Sjølv om PST vurderer trugselen som låg, etterforskar PST ei nyleg knivstikking i Oslo som eit terroråtak. Det er difor viktig å hugse på at låg sannsynlegheit ikkje utelukkar at det kan kome åtak.

Les også

Kvinne (31) skal ha forsøkt å slutte seg til IS då ho budde på Nordfjordeid

Ofte er trugslar i seg sjølv eit problem. Det gjeld spesielt når trugslane går mot enkeltpersonar. Alt frå myndigheitspersonar til lokal- og ungdomspolitikarar kan vere utsette.

Det hemmar rekrutteringa og avgrensar demokratiet.

Kvinner og personar med minoritetsbakgrunn er meir utsette enn andre.

Då er det gledeleg at PST aukar innsatsen for å handtere desse trugslane, gjennom det dei sjølv kallar for «Operasjon Hat».

Tiltaket skal kartleggje dagens innsats frå politiet og PST, og sørgje for at trugslane vert følgde godt nok opp.

Rapporten teiknar eit bilete der politisk vald mellom høgre- og venstreekstreme kan auke, samtidig som desse gruppene vert meir radikaliserte.

Det er vanskeleg å ikkje sjå ei kopling mellom desse miljøa og trugslar mot politikarar.

Les også

PST etterforsker mulig brannstiftelse ved boligen til justisministeren

Russland og Kina vert trekte fram som dei som vil utføre etterretningsoperasjonar i Noreg.

Éi angrepsform er å få tilgang til kritisk infrastruktur.

I dag bruker både Telenor og Telia materiell frå det kinesiske teknologiselskapet Huawei i det eksisterande 4G-nettet.

Selskapet må følgje den kinesiske etterretningslova, som pålegg dei å samarbeide med kinesiske styresmakter.

Difor er det bra at justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) vurderer å hindre kinesiske Huawei i å delta når 5G-nettet skal byggjast ut.

Les også

PST mener Huaweis utbygging av 5G-nett i Norge er problematisk

Den norske regjeringa bør samtidig vurdere kritikken av Kina opp mot sitt eige framlegg til ny lov om etterretningstenesta.

Der vil regjeringa pålegge private aktørar ei tilretteleggjingsplikt for kommunikasjon som går over landegrensene. I praksis betyr det all internettaktivitet.

Dette er nok eit verktøy for etterretninga, men det representerer òg ei lite klok innskrenking av folks fridom.

Det norske demokratiet står sterkt, og trugslane mot oss er heldigvis ganske små i omfang. For dei som blir råka, anten av trugslar eller terror, kan resultatet vere fatalt. Difor er det viktig at PST lukkast.