Få ferjene i rute

E39 er hovudvegen på Vestlandet. Det minste ein kan forvente er at ferjene går.

TRØBBEL: Torghatten Nord måtte leige inn ferjer for å drive sambandet Halhjem-Sandvikvåg, som dei overtok 1. januar. Men båe ferjene frå Bastø Fosen har skapt problem, og den eine er sett ut av drift. Det held ikkje, skriv BT på leiarplass. Alice Bratshaug

Kva skal eigentleg til for å få lov til å drive eit av landets viktigaste ferjesamband? Det kan ein lure på etter overgangen til eit nytt ferjeselskap har enda i ein serie kansellerte ferjer på E39-sambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Ved nyttår overtok selskapet Torghatten Nord sambandet frå Fjord 1. Selskapet skal drive sambandet med fem nye gasselektriske hybridferjer. Men ingen av dei vart klare til oppstarten 1. januar. Det er heller ikkje den landbaserte ladeløysinga til ferjene.

Torghatten Nord har difor byrja sambandet med fire innleigde ferjer. Det har ikkje gått bra. Allereie 2. januar måtte ei av ferjene takast ut av drift på grunn av ein defekt ventil i ein motor. Ei anna har problem med å halde ruta.

Resultatet er ei rekkje kansellerte avgangar, med etterfølgjande problem for dei som er avhengige av ferjene.

Nordlands-selskapet fekk i 2016 tilslag på å drifte ferjesambandet, etter dei la inn eit anbod som ifølgje NRK låg ein milliard kroner under nærmaste konkurrent.

Les også

Dårlig start for ny drift av Halhjem-Sandvikvåg

Det å skape konkurranse mellom ferjeselskapa, og såleis få mest mogeleg ferje for pengane, er fornuftig. Anbod i seg sjølv er med andre ord ikkje problemet. Men fanden ligg som kjend i detaljane.

Når eit selskap ligg så langt under konkurrentane i pris bør oppdragsgjevar, i dette tilfellet Statens vegvesen, vere ekstra nøye med å kontrollere at selskapet er i stand til å levere det dei lovar.

Administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord seier til BT at problema skuldast at ferjene er forseinka frå verfta. Ei av ferjene skal byggjast ved norske Vard, medan dei tre andre blir bygd ved tyrkiske Tersan Shipyard.

Ansvaret for at dei nye ferjene ikkje er på plass kviler uansett på Torghatten Nord. Dei burde lagt inn større tidsmarginar slik at ikkje dette skjedde.

Vonleg vil både dei nye ferjene og ladeløysinga kome på plass i løpet av januar, slik Torkildsen lovar. Då bør dei òg fungere, slik at privatbilar og næringstrafikken kjem seg fram i rett tid.

E39 er hovudvegen på Vestlandet. Halhjem-Sandvikvåg er landets tredje største ferjesamband. Det minste ein kan forvente at ferjene går. Og at dei går i rute.