Irans nye rolle

Etter atomavtalen kan Iran gjeninnta ein plass på den internasjonale arenaen, men dei regionale motsetningane varer ved.

Det er mindre enn halvtanna år sidan det var snakk om mogleg amerikansk og israelsk åtak mot Irans atomanlegg. Heile Midt-Austen kunne blitt sett i brann. I dette perspektivet er atomavtalen som vart inngått denne helga ei viktig kursendring.

Tiltakande internasjonal isolasjon og framfor alt ein sterkt forverra økonomi var bakteppet for regimeskiftet i Teheran. Med valet av president Hassan Rouhani var det duka for ein mindre konfronterande, iransk politikk. På den andre sida av forhandlingsbordet vart han møtt av Obama-administrasjonen, med ønskje om å finna ein diplomatisk utveg frå den amerikanske sanksjonslina. Det låg til rette for at dei to partane kunne finna kvarandre.

Avtalen inneber berre ein midlertidig bremse i Irans atomprogram. Men bremsinga ber i seg ei von om at det seinare kan bli inngått ein meir forpliktande og langvarig avtale. Eit viktig lokkemiddel er at Iran i så fall kan få tilgang til endå meir pengar enn det som blir utløyst av den midlertidige avtalen. Sanksjonane er letta, men pressmidlane er ikkje fjerna. Og det er framleis presteskapet som sit med den øvste makta i Iran.

Å motarbeida framveksten av nye atommakter er ei internasjonal plikt. At prestestyret i Iran ikkje skulle få tilgang til slike våpen, har vore ekstra maktpåliggjande. Iran er ikkje berre ei regional stormakt, det er også eit religiøst, politisk og økonomisk maktsenter for sjiamuslimane i Midt-Austen.

Det er ei makt som blir frykta av sunni-muslimske herskarar i regionen, med Saudi-Arabia som den fremste motmakta. Israel deler denne frykta. Ei rekkje land i regionen har akseptert eller innfunne seg med Israels eksistens, med USA som felles alliert. Teheran har teke til orde for utsletting av Israel, og har fôra Israels væpna motstandarar med pengar og våpen. Den politikken har ikkje endra seg under Hassan Rouhani.

Så stiller då heller ikkje Israel seg i rekkja av gratulantar for den nye atomavtalen. — Det er ein historisk dårleg avtale, seier Israels statsminister, Benjamin Netanyahu. Det synet deler han med republikanarar i Den amerikanske kongressen, som ønskjer å skjerpa sanksjonane.

Irans politikk er for uføreseieleg og ugjennomtrengjeleg til at atomavtalen kan seiast å innebera ei varig kursendring. Men det som er oppnådd, kan innebera eit gjennombrot i hopehavet mellom Iran og det internasjonale samfunnet. Det er ein sjanse som bør helsast velkomen, utan å avskriva risikoen som følgjer med.

Atomavtalen nyanserer også biletet av Obama som krigspresident, i dette tilfellet har han stått opp mot haukane i eigen administrasjon, i den republikanske opposisjonen og i den amerikansk-israelske lobbyen. Han må vita kva han risikerer, om dei slakkare tøylane ikkje gjev forventa resultat.

I beste fall kan eit mindre konfronterande Iran også bremsa landets støtt til krigførande allierte i regionen. Opphaussinga av religiøse motsetningar har ført til at sjiamuslimar er blant dei mest diskriminerte religiøse minoritetane i sunnimuslimske land. Også utan atomvåpen er Iran ein destabiliserande maktfaktor i Midt-Austen.