Det er uro i Høgre-stova. NHO gjekk i går ut i Dagens Næringsliv og kravde at regjeringa halverar formueskatten i statsbudsjettet for neste år. - Noko mindre er eit løftebrot frå Høgre, sa NHO-president Tore Ulstein til avisa.

Utspelet kjem etter at fleire sentrale Høgre-politikarar har signalisert at fjerninga av formueskatten må vente. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa dagen før at ein ikkje kan fjerne formueskatten viss det gjer at dei rikaste blir nullskatteytarar.

Det er forståeleg at NHO og bedriftseigarar over heile landet er vonbrotne. Høgre gjekk til val i fjor på å fjerne formueskatten.

Formueskatten er ingen god skatt. Den tappar små og mellomstore bedrifter, sjølve ryggraden i norsk økonomi, for midlar som elles kunne gått til å utvikle bedriftene vidare. Den tappar såleis næringslivet for konkurransekraft. Dessutan er den konkurransevridande, sidan utanlandske bedriftseigarar slepp denne ekstraskatten.

Problemet er mangelen på alternativ. Isaksen har absolutt eit poeng. Det er viktig for skattemoralen at ikkje dei rikaste i samfunnet slepp å betale skatt, sjølv om bedriftene dei eig betalar skatt.

Ideelt sett burde ein fjerna formueskatten berre for det enkelte har kalla «arbeidande kapital», men dei fleste skatteekspertar er samde om at det er svært vanskeleg å få til i praksis.

Når NHO går ut så klårt, skuldast det at fleire, sentrale folk i regjeringspartia den siste tida har åtvara om at ein ikkje kan rekne med kraftige skattekutt i statsbudsjettet.

Ein årsak er at regjeringa planlegg ei større endring i skattesystemet, når Scheel-utvalet legg fram sin rapport i haust. Landa rundt oss konkurrerar om å kutte i bedriftsskatten, og det er fornuftig å vente med formueskatten til ein ser heile komplekset i samanheng.

Framlegga frå Scheel-utvalet vil òg kunne ha konsekvensar for personskatten, inkludert den funksjonen formueskatten har i så måte.

Når dei først ser på skattesystemet bør òg regjeringa nytte høve til å gjere det mindre lønsamt å sylte ned pengar i eigedom, og meir lønsamt å leve av å skape bedrifter og arbeidsplassar.

I fjorårets statsbudsjett kutta regjeringa formueskatten frå 1,1 til ein prosent av formuer på over ein million kroner. Signal frå regjeringspartia tyder på at satsen blir sett ned til 0,8 prosent i statsbudsjettet. NHO krev at regjeringa går ned til 0,5 prosent, slik at dei rekk å fjerne skatten heilt før neste val.

Regjeringa gjer klokt i å stå i mot kravet. Ifølgje NHH-professor Jarle Møen vil det vere langt meir treffsikkert for små bedrifter og entreprenørskap å bruke pengane på å auke botnfrådraget i formueskatten.

Det er synspunkt som regjeringa bør vurdere når dei skal gå fatt i ein høgst påkrevd revisjon av skattlegginga av norske bedrifter og deira eigarar.

Regjeringa fortener ros, og ikkje kritikk for løftebrot, om dei vel å vente med store skattekutt til grunnlaget er godt nok.