Ein god avtale for TV 2

Regjeringa gjev TV 2 gode grunnar til å bli i Bergen.

TIDSAVGRENSA HJELP: TV-avtalen må følgjast opp med plattformnøytrale og generelle tiltak for resten av pressa. Men tiltaka må vere nøytrale og tidsavgrensa, skriv BT på leiarplass. Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Kulturminister Linda Hofstad Helleland lyste i går omsider ut ein ny avtale for kommersiell allmennkringkasting. Den bør vere godt nytt med tanke på å få behalde TV 2 i Bergen.

Utlysinga er langt på veg skreddarsydd for TV 2. Selskapet har hatt lisensen som landets kommersielle allmennkringkastar sidan 1992. Men den teknologiske utviklinga har gjort avtalen stadig mindre verdt.

Når staten held oppe krav til nyheiter, norsk språk, program for samar og så vidare, krev difor TV 2 å få betalt. Spesielt krava om ei nyheitsavdeling og hovudkontor utanfor Oslo kostar mykje, ifølgje TV 2.

I avtalen, som skal gå over fem år, ligg det ei årleg statsstøtte på 135 millionar kroner. Det er langt unna dei summar TV 2 sjølv har operert med. Likevel er det raust nok til at selskapet truleg takkar ja.

Les også

BT-leder: Alternativet til NRK

Sjølv om TV 2 er soleklar favoritt til å få avtalen, er det gjort ei endring som opnar for fleire aktørar. Kravet om hovudkontor i Bergen er bytta ut med «minst 100 kilometer utanfor Oslo». Det opnar mellom anna for Lillehammer, der medieselskapet MTGs radiostasjon P4 ligg. MTG har ifølgje Dagens Næringsliv allereie vore i samtalar med departementet.

TV 2 sitt spel for å få statsstøtte speglar òg dei økonomiske problema mediebransjen står i. Det er bra at regjeringa er opptatt av mediepolitikk, men det er heilt grunnleggjande at rammevilkåra ikkje verkar konkurransevridande.

Kringkastingsstøtta som regjeringa foreslår, er rimeleg balansert i høve til krava i avtalen. Den teknologiske utviklinga gjer at TV-selskap og aviser i aukande grad konkurrerer om lesarar og annonsekroner. Difor må regjeringa styre unna tiltak som kan verke konkurransevridande.

Men Helleland løyser ikkje krisa i mediebransjen med dette. Ho må gå vidare med tiltak for resten av mediebransjen, ved å følgje opp Mediemangfoldsutvalget. Spesielt viktig er forslaget om tidsavgrensa nedsetjing av arbeidsgjevaravgifta.

Fordelen med å bruke arbeidsgjevaravgifta, er at tiltaket er generelt og plattformnøytralt. I tillegg er det kraftfullt nok til å hindre nye kutt i journalistikken og sikre pressa som ein grunnleggjande samfunnsinstitusjon.

Det er viktig at slike tiltak er tidsavgrensa. Mediemangfoldsutvalget foreslår fire år for arbeidsgjevaravgifta, medan kringkastingsavtalen skal gjelde for fem år. Etter det bør både TV-stasjonar og aviser klare seg sjølve.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».