Ein farleg leik med fakta

Liksom-drapet på den russiske journalisten i Ukraina er ein stor propagandasiger for Russland.

I LIVE: Arkadij Babtsjenko (t.h.) dukka opp på ein pressekonferanse saman med ukrainsk etterretning og Ukrainas president Petro Porosjenko, dagen etter at Babtsjenko vart meldt drepen. NTB scanpix

Arkadij Babtsjenko vart tysdag meldt drepen i Ukraina, men dukka opp på ein pressekonferanse onsdag. Den Putin-kritiske journalisten iscenesette sitt eige drap for å avsløre reelle drapsplanar mot han.

Det er grovt uansvarleg av ukrainske styresmakter å forfalske ei slik grov handling. Statar har eit ansvar for at informasjonen dei spreier er korrekt. Det er foreløpig uklart kor mykje ansvar Babtsjenko har sjølv.

Liksom-drapet er ein stor propagandasiger for Russland, som ifølgje Babtsjenko er ute etter å drepe han.

Les også

Men Babtsjenko var ikke død

Ingenting er sant lenger. Desinformasjonskampanjar frå Russland har blitt meir og meir vanleg, og USAs president strør rundt seg med påstandar om at reelle nyheiter er falske.

Konstruerte og falske nyheiter speler rett inn i retorikken til dei som ønskjer å byggje ned tilliten mellom statar, medium og folk. Det er farleg å leike med fakta.

Seks tidlegare journalistar for den russiske avisa Novaja Gazeta har blitt drepen sidan 2001. Tysdag trudde alle at Babtsjenko hadde blitt den sjuande. Avisa vart skipa av Sovjetunionens siste leiar, Mikhail Gorbatsjov. Den er sterkt Putin-kritisk, og det er russiske styresmakter som er mistenkt for å stå bak drapa.

Skuldingane frå Babtsjenko er difor plausible.

Det er forståeleg at Babtsjenko ville gjere det han kunne for å overleve plottet mot han, men metoden ukrainsk etterretning nytta kan gjere stor skade på tilliten til medium verda over.

Bergens Tidende var blant avisene som skreiv om drapet.

Les også

Krigen om sannheten i Douma fortsetter

Ukrainsk etterretning opplyste på onsdagens pressekonferanse, at ein person er arrestert for å faktisk ville drepe Babtsjenko. Viss denne personen kan knytast til russisk etterretning, vil Babtsjenko få rett i sine skuldingar.

Men når Ukraina allereie har servert ein falsk nyheit om Babtsjenko, blir det altfor lett for Russland å avfeie skuldingane som nok ei forfalsking. Det er det ingen andre enn Russland som tener på.

Dei journalistane som framleis kritiserer Vladimir Putin har ikkje blitt tryggare. Men det kan ha blitt lettare for det russiske regimet å sleppe unna.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.