Langtidsvarsel: alvorleg rasfare

Regjeringa prioriterer ikkje arbeidet mot ras, skred og flaum. Vestlandet er taparen.

Publisert: Publisert:

ALVORLEG: I september stengde eit ras fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Førde og Askvoll. Det skal berre bli meir av dette i åra som kjem. Paul S. Amundsen (arkiv)

Ingen plassar i Noreg er konsekvensane av vêret hardare enn på Vestlandet. Ingen fylke har større tap på grunn av naturskade enn Hordaland, og utsiktene er ikkje ljose: Vi kan vente oss meir dårleg vêr.

«Statistikken er helt klar: Vestlandet er landsdelen som er mest utsatt for ekstremvær», sa Asgeir Sorteberg, klimaforskar og professor ved UiB og Bjerknessenteret til BT i august.

Derfor var det svært gledeleg at regjeringa i samband med statsbudsjettet sende ut pressemeldinga «Økt satsing på forebygging av flom- og skredskader».

Fyrste setning i pressemeldinga gjer klart kva satsinga handlar om: «Regjeringen foreslår å bevilge totalt 349 millioner kroner til forebygging av flom- og skredskader over Olje- og energidepartementets budsjett.»

Det er berre eitt problem her: I årets budsjett er dei same postane summert til 350 millionar kroner.

Det einaste nye tiltaket er 45 millionar til tiltak i Longyearbyen. Dei fortener kvar krone dei kan få, men det løyser ikkje problema i Fastlands-Noreg.

Les også

«Ikke rasfare» sa kommunen. Nå må skråningen sikres med 800 lastebillass stein.

I budsjettforhandlingane i fjor fekk Venstre og KrF på plass hundre millionar ekstra til dette arbeidet. Ære vere dei for det. At regjeringa vidarefører dette nivået er langt frå noka «økt satsing», og konsekvensane kan bli fatale. Erfaringa er diverre at manglande førebygging igjen og igjen gjev tap av store verdiar. I dei verste tilfella går også menneskeliv tapt.

Ja, det er dyrt å sikre landet mot naturskade, og realistisk sett kjem vi aldri heilt i mål. Men regjeringas eigen fagetat, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), har bede om ein opptrappingsplan på 200 millionar årleg. Dette er eit rimeleg og konkret krav som det burde ha vore mogeleg å samle seg om. Alternativet kan fort bli endå dyrare.

Vestlandet treng sikring mot skred i Aurland og Ullensvang, tiltak mot flaum i Odda og på Vossevangen og mykje, mykje meir. Mange av desse arbeida er så store at ein enkeltkommune – stor eller liten – ikkje kan greie det på eiga hand.

Å sikre folks tryggleik må vere ei svært høgt prioritert oppgåve for alle norske regjeringar. Vestlandet kan ikkje ha ekstremsportveke året rundt.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».