Reint hav er viktig for Noreg

Regjeringas satsing mot plast i havet er god bruk av pengar.

CENTRAL PARK: Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) lova 1,6 milliardar kroner til kampen mot plast i havet, då han talte på Global Citizen-festivalen i New York i førre veke. Pontus Höök, NTB Scanpix

Fiskerinasjonen Noreg har ei djup eigeninteresse av reine hav. Difor er det fornuftig når regjeringa dei neste fire åra vil bruke 1,6 milliardar kroner til kampen mot marin forsøpling og plast i hava.

Erna Solberg lanserte satsinga på det første høgnivåmøtet om hav og næringsliv i New York i førre veke. Den første løyvinga på 400 millionar kjem i statsbudsjettet for neste år, som blir lagt fram i neste veke.

Plast er eit av dei største trugsmåla mot verdas hav. Kvart år aukar plastmengda i hava med åtte millionar tonn. Held det fram slik vil det vere meir plast enn fisk i hava i 2050.

Utviklinga har fått halde på i lang tid, utan noka særleg merksemd. Men det har endra seg dei siste åra. For mange vart problemet tydeleg då ein gåsenebbkval døydde på ei strand på Sotra, med magen full av plast.

I tillegg til dei lidingane plasten skaper for skapningar i havet, er ureininga ei utfordring for fiskerinæringa. Det er ikkje påvist at plast som fisk får i seg ureinar fiskekjøtet. Men det kan ikkje utelukkast at det skjer. Difor er det òg viktig for fiskeri- og oppdrettsnæringa at det blir gjort noko med problemet.

Det er viktig at regjeringa følgjer bruken av pengane tett, for å sikre at satsinga faktisk gjev resultat.

Ifølgje utviklingsminister Nikolai Astrup (H) skal ekstramidlane gå til spesifikke tiltak, som å betre søppelsystema i utviklingsland.

Det trengst. 95 prosent av plasten i havet kjem frå ti store elvar, der åtte er i Asia og to i Afrika, ifølgje ei undersøking som vart publisert i fjor. Sjølv om det er prisverdig å plukke plast på norske strender, vil ein ikkje få gjort noko særleg med problemet utan å gå laus på desse kjeldene.

Millionane i statsbudsjettet kjem på toppen av det arbeidet regjeringa allereie har gjort, som pådrivar internasjonalt. I desember i fjor fekk til dømes Noreg med seg 170 land i å gå gjennom internasjonale regelverk og avtalar. Målet er å plikte land til å kjempe mot marin forsøpling.

At Noreg smør denne prosessen med å betale for konkrete tiltak er fornuftig.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».