Ein unødvendig motorveg

Pengesekken bør ikkje sitje så laust når det gjeld Oslo at dei til og med får vegar dei ikkje vil ha.

Publisert:

OVERPRØVER: – Det er ikkje bra for lokaldemokratiet å bruke milliardar av kroner på ny E18 og dermed overprøve lokale styresmakte, meiner Bergens Tidende. Illustrasjon: Statens vegvesen

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) prøver å tvinge ein ny E18 vest for Oslo på lokalbefolkninga, mot deira vilje.

Etter haustens val vart både Oslo kommune og Viken fylke styrt av konstellasjonar som er mot motorvegen. Kommunane Asker og Bærum er for prosjektet.

Det er ikkje bra for lokaldemokratiet å bruke milliardar av kroner på å overprøve lokale styresmakter i dette spørsmålet.

Det er ikkje snakk om småpengar heller. Det første byggetrinnet mellom Lysaker og Sandvika er antatt å koste 16,3 milliardar kroner. Staten stiller opp med 5,5 milliardar.

Dei pengane Dale er så ivrig etter å bruke på nokre få kilometer motorveg vest for Oslo, kan kome godt med andre stader i landet.

Berre den statlege delen av E18-byggetrinnet er fem gongar større enn det regjeringa skal bruke på skredsikring av riksvegnettet til neste år.

Regjeringa kunne òg fått Ringeriksbanen i gang raskare, eller gitt meir pengar til ei lang rekke vegprosjekt i vest.

Meir enn ti milliardar av E18-rekninga skal kome frå bompengar. Frp-statsråden vil altså tvinge folk i Oslo-området til å betale milliardar i bompengar for eit prosjekt lokale styresmakter ikkje vil ha. Det rimar dårleg med Frps ønskje om eit lågare bompengetrykk på bilistane.

Det er tydeleg at det har gått prestisje i prosjektet frå regjeringas side.

Les også

Forkortelsen av Bergensbanen koster to milliarder å planlegge. Nå kan snart byggingen begynne.

Byrådet i Oslo fryktar at større vegkapasitet inn til hovudstaden vil føre til at biltrafikken går opp. Det vil i så tilfelle bryte med målet om redusert biltrafikk, som regjeringa og byrådet eigentleg er einige om.

Difor bryt motorvegplanane med målet om lågare klimautslepp.

Krangelen har gått så langt at Viken fylke trugar med å trekke tilbake ein lånegaranti på 15 milliardar. Om ikkje staten overtar den, vil det torpedere motorvegplanane.

Det er kanskje like godt. Så kan pengane heller brukast betre andre stader.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».