Mistilliten er heilt på sin plass

Fleirtalet i bystyret har mista tilliten til skulebyråd Linn Kristin Engø. Den største ryddejobben står att.

Publisert Publisert

PÅ DØR: Skulebyråd Linn Engø (Ap) har mista tilliten i bystyret. Aps byrådsleiar Roger Valhammer (til venstre) kan også måtte gå. Foto: Marita Aarekol

  1. Leserne mener

Vigilo-skandalen viser at spørsmålet om digital handtering av sensitive personopplysningar ikkje er eit spørsmål for datanerdar og aktivistar.

Personvern handlar om at vi alle kan leve trygge og frie liv.

11. mars kan Valhammer-byrådet vere historie, berre få månader etter at Ap, MDG, Venstre og KrF la fram byrådsplattforma. Før dei går, bør dei gje Bergens innbyggjarar ei vilkårslaus orsaking.

Bakgrunnen er saka om skuleappen Vigilo, der utsette kvinner og barn i Bergen ikkje lenger har kunna vere trygge på at sensitive personopplysningar ikkje kom på avvege.

Torsdag kveld blei det klart at fleirtalet i bystyret ikkje har tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap). Dette fleirtalet er SV, Frp, Høgre og Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).

Fordi byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har stilt kabinettspørsmål i saka, vil heile byrådet truleg gå av, med mindre Engø sjølv går av før den tid.

Sensitive opplysningar om innbyggarane er noko det offentlege har fått tillit til å forvalte. Den tilliten er tynnsliten i Bergen.

Frå byrådet har det kome svar som peikar i retning av avvik er noko ein nærast må rekne med i store digitaliseringsprosessar.

Les også

Podkast: Kva gjorde at Vigilo-skandalen kunne felle heile byrådet?

Svaret frå innbyggarane i byen må vere klart og greitt: Nei, det er på ingen måte akseptabelt at det offentlege ikkje tek tryggleiken til innbyggarane på alvor.

For Venstre bør denne saka svi ekstra hardt. Partiet har i mange år vore sjølve personvernpartiet i Noreg. No må dei truleg gå av saman med resten av byrådet på grunn av ein personvernskandale.

Til no har Venstre stått last og brast med resten av byrådet i denne saka. Mistilliten bør føre til ein alvorleg runde sjølvrefleksjon både i Venstre og i dei tre andre partia.

Byrådsleiar Roger Valhammer har i etterkant av mistillitsfleirtalet meint at høyringa denne veka ikkje burde vore open. Då kunne byrådet visstnok ha gjeve fleire opplysningar til opposisjonen.

Det viser kor lite Valhammer eigentleg har forstått av alvoret i saka. Tillitskrisa er ikkje først og fremst ei sak mellom byrådet og opposisjonen, men mellom kommunen og folket.

Innbyggarane har krav på gode svar i ei så alvorleg sak. Og korleis skulle bystyrepartia stilt seg om dei likevel ville stilt mistillit, men ikkje kunne fortelje folket kvifor?

Byrådet bør gje innbyggarane ei vilkårslaus orsaking i Vigilo-skandalen. Særleg bør orsakinga gå til dei som har levd i frykt fordi kommunen ikkje har teke skikkeleg vare på opplysningane deira.

Så startar ryddejobben.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».