Bergen må bygge Åsane-bana

Byrådet bør ta det nye traséframlegget på alvor. Det viktigaste er at Bybanen vert bygd til Åsane.

NYTT FRAMLEGG: – Det viktigaste er at Bybanen vert bygd til Åsane. Difor bør Bergen kommune sjekke opp i om påstandane i ein ny rapport stemmer, meiner Bergens Tidende. Bård Bøe (Arkiv)

Reguleringsarbeidet til Åsane har starta. Trasévalet er bestemt. Likevel kjem det nye framlegg til kor bana eigentleg bør gå.

Stiftelsen Bryggen, Bryggens Venner og Fortidsminneforeningen har hyrt to geologar til å lage ein rapport. Dei påstår at Bybanen kan byggast i tunnel, utan at det vert dyrare.

Dersom det stemmer, vil det snu opp ned på bybanediskusjonen i Bergen. Det finst nemleg eit ganske klart politisk fleirtal for å bygge Bybanen i tunnel. Venstre og KrF fekk Ap med på å snu då dei gjekk saman i byråd i 2015.

Bybanen langs Bryggen er truleg det rimelegaste og det beste alternativet til Åsane. Men situasjonen etter valet i 2019 ser ut til å bli så komplisert, at ein risikerer at heile baneprosjektet vert skrota.

Det har nemleg aldri blitt ro etter vedtaket.

Det viktigaste er at Bybanen vert bygd til Åsane. Difor bør Bergen kommune sjekke opp i om påstandane stemmer.

Dersom Bybanen kan byggast i tunnel utan at kostnadane stig, bør det vurderast. Stemmer ikkje påstandane i rapporten, vil det styrkje byrådets valde alternativ.

Bergen har derimot ikkje godt av at heile valkampen handlar om ulike traséval for Bybanen. Ap bør ikkje gå i den same fella som Bergen Høgre gjorde i 2015. Då krangla partiet så mykje internt om blant anna bybanesaka, at sentrumspartia fekk eit nytt syn på Ap-samarbeid.

Går Ap inn for eit anna traséval, vil Venstre og KrF truleg bryte samarbeidet. Det gjer ikkje bygginga av Bybanen eller styringa av byen meir føreseieleg.

Difor er det lite truleg, trass i at Ap har endra syn på fleire ting etter at Harald Schjelderup (Ap) gjekk av som byrådsleiar. Dei har snudd tvert om når det gjeld plassering av bomstasjonar, og beklaga standpunktet sitt om godsterminal i Rådal.

Les også

Dette er nordhordlendingenes krav for å godta bom på broen

Høgre har allereie vore svært kritiske til om byrådet klarar å finansiere Bybanen til Åsane. Partiet har òg sagt at dei vil bygge Nordhordlandstunnelen først. Difor bør Høgre vere forsiktige med å støtte framlegg som gjer Bybanen dyrare.

Det kan nemleg tolkast som om dei vil stanse heile utbygginga ved å presse opp prisen.

Det som gjorde Bybanen mogeleg, var at byens to største parti – Ap og Høgre – gjekk saman og danna eit breitt forlik i bystyret. Det ville vere til det beste for byen om dei klarte det ein gong til.

Dessverre er det lite realistisk no.

Bybanetraséen er nemleg ein svært attraktiv valkampsak for opposisjonspartia.

Bybanen – og alle som treng eit betre kollektivtilbod mot nord – taper på det.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».