Ei smartare løysing for jordmødrene

Jordmorkrisa på Haukeland viser kor krevjande det er å effektivisere helsevesenet.

MANGELVARE: Jordmor og føretakstillitsvald Eline Sira på KK trur jordmødrer vel kommunar framfor Haukeland, fordi dei har høyrt om dei tøffe arbeidsforholda. I så fall har Haukeland eit problem det ikkje er lett å sjå løysinga på, skriv BT på leiarplass. Rune Sævig

Noreg manglar jordmødrer. Det er eit urovekkande teikn når sjølv ein av landets største fødeklinikkar, Kvinneklinikken (KK) på Haukeland, ikkje er attraktiv nok. Klinikkdirektør Susanne Albrechtsen fortalde torsdag til BT at dei har søkt etter åtte jordmødrer, men berre fått tak i fem.

Problemet kan forsterke seg i åra framover. Haukeland har vedteke at 40 prosent av dei fødande skal ut etter maks 24 timar innan 2023. Det vil skape eit behov for fleire jordmødrer i kommunane, for å følgje opp kvinnene.

Alt tyder difor på at kampen om jordmødrene vil bli skjerpa i åra framover. Høgre i Bergen vil til dømes innføre ei stipendordning, for å sikre at kommunen tiltrekker seg nok jordmødrer og sjukepleiarar.

Ifølgje fagmiljøa er det ikkje lett å løyse problemet ved å utdanne fleire jordmødrer, fordi det ikkje er nok praksisplassar.

Samfunnet og dei fødande er ikkje tente med at det no blir ein kamp om jordmødrene, mellom kommunar og sjukehus. Det må difor gjerast meir for å utdanne fleire jordmødrer. I tillegg må sjukehusa og kommunane samarbeide, slik mellom andre Høgre har lagt inn i sitt forslag.

Helse Vest sin eigen framtidsprognose viser at regionen vil mangle 345 jordmødrer i 2035, viss ikkje noko blir gjort. Dei ser for seg at gapet i stor grad kan tettast ved at jordmødrene jobbar mindre deltid, at færre sluttar og at pensjonsalderen går opp. Metoden rapporten skisserer er «spennende arbeidsoppgaver og bedre arbeidsforhold».

Korleis ein skal få det til, seier rapporten ingenting om. Ifølgje jordmorforeininga er hovudproblemet eit stadig større arbeidspress. Dessutan er dei nye stillingane delt mellom KK og sjukehusets bemanningssenter, noko som ifølgje fellestillitsvald Eline Sira gjer dei mindre attraktive.

Effektivisering kan vere krevjande. Når jordmødrer og andre i helsevesenet opplever auka arbeidspress og krav til omstilling og fleksibilitet, er det eit resultat av eit naudsynt arbeid for å halde kostnadene i helsevesenet nede. Det skil seg ikkje frå bedrifter i privat sektor.

Men når ein ikkje lenger får søkjarar, når folk sluttar eller ikkje maktar å stå i full stilling, må ein spørje seg om effektiviseringa skjer på ein god måte.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».