Ulikskap krev ulike løysingar

Kampen mot økonomisk ulikskap kan ikkje berre handle om å skattleggje dei rike.

TANKESMIA: «... og så kan vi tenke på skule», sa Marte Gerhardsen, leiar i Tankesmia Agenda, etter å ha lagt vekt på skatt i kampen mot ulikskap. Men det er mykje meir som må gjerast. Ørjan Deisz

Viktigare enn kor mykje skatt ein tek inn, er korleis ein brukar pengane. Å auke skattane og utgiftene er ikkje ein langsiktig løysing for å redusere fattigdom og ulikskap.

Det viktigaste er ein god skule, god integrering og ein inkluderande økonomi med lav arbeidsløyse.

No sigler debatten om økonomisk ulikskap opp til å bli ein av valkampens mest sentrale saker. Alle frå SV og Arbeidarpartiet til Høgre ønskjer å snakke om ulikskap. Dei serverer ikkje berre forskjellige løysingar, men også forskjellige forklaringar på ulikskapen.

Medan venstresida er mest oppteken av skatt og fordeling, vil Høgre helst snakke om skule.

Les også

Mener skatteendringer øker ulikhetene

Les også

Den norske modellen skaper også ulikhet

Det mest problematiske er ikkje at det finst nokon veldig rike menneske i Noreg, men at det er ein stor gruppe med vedvarande låge inntekter. Difor må innsatsen vere retta mot årsakene til fattigdomen, anten det er oppvekstvilkår, innvandring eller mangel på arbeid.

Fattigdom går i arv. Born av foreldre med låg utdanning og låg inntekt, har høgare risiko for å hamne i tilsvarande situasjon når dei blir vaksne.

Da er det pussig at Marte Gerhardsen, leiar i venstresidetankesmia Agenda, gjentatte gonger har snakka ned kor viktig ein god skule er i kampen mot ulikskap. Først i eit debattinnlegg i VG, der ho kalla det for «Erna Solbergs quick-fix». Deretter i Politisk kvarter måndag, der ho sa at vi må sjå på skattepolitikken og fordeling, «og så kan vi sjå på skule», som om det er ein underordna problemstilling.

Det er det ikkje. Skal færre hamne i fattigdom, må dei ha eit godt utgangspunkt etter avslutta skulegang.

Les også

Studie: Integrering i feil retning i Norge

Innvandring er ein annan faktor på statistikken over ulikskap. Flyktningar som kjem til Noreg, slit med å få seg arbeid. Dei som får det, jobbar gjerne i lågtlønte yrke. Ein liberal innvandringspolitikk vil difor vere negativt for ulikskapen.

Men auka ulikskap er ikkje eit godt argument for å ta imot færre flyktningar. Det er betre å hjelpe menneske i naud enn å sikre ein god ulikskapsstatistikk.

Les også

Vestlendinger positive til innvandring

Ein kan ikkje berre skatte seg ut av problema. Skal ulikskapen reduserast gjennom høgare skattar, må skatten bli veldig høg for at det verkeleg skal monne. Det vil ha ein rekkje andre uheldige konsekvensar.

Økonomiske skilnader er ein naudsynt følgje av arbeidslinja. Skal det løne seg å arbeide, vil også dei utanfor arbeidslivet ha lågare inntekt.

Noreg er, og skal vere, eit samfunn med små økonomisk skilnader. Svaret må vere langt meir enn berre å auke skattar og kostnader.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».