Kunsten må vere fri

Det er positivt at Entra snur i spørsmålet om Assange-utstillinga i Media City Bergen.

NY KUNST: Den anonyme gatekunstnaren AFK har montert eit nytt kunstverk til støtte for Julian Assange etter at Entra fjerna den delen av utstillinga «We are millions» som stod i Media City Bergen. Silje Katrine Robinson

Fredag 2. august fekk leigetakarane i Media City Bergen melding om at kunstutstillinga «We are millions» ville bli fjerna.

Eigedomsselskapet Entra tok ned utstillinga i fellesområda til medieklyngja etter å ha fått «en del reaksjoner», slik BA tidlegare har omtalt.

Utstillinga er sett saman av portrettbilete der folk held plakatar med slagord til støtte for Julian Assange, grunnleggaren av Wikileaks.

Den anonyme gatekunstnaren AFK er ein av initiativtakarane til utstillinga, som også er å finne andre plassar i bybiletet.

Måndag ettermiddag snudde Entra, og stadfestar no at utstillinga vil få henge ut den planlagde perioden.

Julian Assange er ein sterkt omstridd person. Han grunnla Wikileaks, som har vore viktig for å gje verda innsyn i hemmelegstempla dokument.

Mellom anna har Wikileaks delt lekkasjar om amerikansk krigføring i Afghanistan og Irak som har vore viktige for å gje innsyn i ein elles svært lukka sektor.

Men han er også etterlyst av Interpol fordi han er skulda for valdtekt i Sverige. Det er også uklart kva kontakt han har hatt med russiske miljø fram mot presidentvalet i USA i 2016.

Det er uansett slik at Media City Bergen fint kan ha ei utstilling til støtte for Assange utan at alle leigetakarar treng å ta stilling til hans virke.

Les også

De vokter over gatekunst-protest

Ein av reaksjonane mot fjerninga har kunstnaren AFK sjølv stått for, ved å lage eit kunstverk på det såkalla Listhaug-hjørnet i Bergen.

Over figuren på det nye kunstverket står ordet «censored?» på raud bakgrunn. Det er svært uheldig at dette spørsmålet kan bli stilt om utstillinga i Media City Bergen.

Media City Bergen er landets største medieklyngje. Her held mellom anna BT, NRK, BA, TV2 og Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen til.

I eit bygg som dette bør det vere stor takhøgd for kva type ytringar det skal vere plass for.

Det var spesielt problematisk at Entra ikkje vil gå inn i grunnlaget for å fjerne utstillinga. Dei viser til at dei har fått «en del reaksjoner», slik BA skriv.

Entra understrekar no at det ikkje var press frå leigetakarar i bygget som førte til at utstillinga blei fjerna. Det er bra at denne avklaringa kjem, men ho kunne godt ha kome raskare.

Det er svært viktig at offentlegheita kan ha tillit til at redaksjonane og det akademiske miljøet i Media City Bergen ikkje er redde for kontroversielle ytringar.

Både kunsten og journalistikken må vere frie.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».