Ein fattigare byfest

950-årsfeiringa til Bergen vert mindre stilig av stillas rundt Rosenkrantztårnet.

Publisert: Publisert:

STILLAS: «Regjeringa burde klare å løyve nok pengar i tide til at Statsbygg kom i mål», meiner Bergens Tidende. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (Arkiv)

Til neste år feirar Bergen 950 år. Det skal bli ei feiring av tradisjonar og byens identitet. Men feiringa vert utan Rosenkrantztårnet.

Pengemangel gjer at Statsbygg ikkje vert ferdig med oppussinga i tide, skreiv BA denne veka. Medan byen feirar seg sjølv, slik berre Bergen kan, kjem difor Rosenkrantztårnet til å vere omringa av stillas. Slikt gjer feiringa fattigare.

Regjeringa må gjere det dei kan for å fullføre byggearbeidet i tide.

Rosenkrantztårnet er eit av dei fremste symbola på Bergens historiske rolle som norsk maktsentrum og kongesete. Magnus Lagabøte starta bygginga av tårnet på 1270-talet. Kong Eirik Magnusson – den siste med sete i Bergen – brukte tårnet som bustad.

Tårnet har òg ei internasjonal historie. Det var sentralt i slaget om Vågen mellom Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda i 1665. Rosenkrantztårnet var òg ein maktfaktor mot hanseatiske kjøpmenn på Bryggen.

Få andre bygg deler Rosenkrantztårnets symbolverdi. Difor burde det stå like sentralt i feiringa som i byen.

Bergensarane er nok fleire hakk meir oppteken av sin eigen by enn det andre folk er. Det er noko både Statsbygg og regjeringa bør forstå, spesielt når ansvarleg statsråd er tidlegare byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H).

Det er ikkje veldig mykje pengar det er snakk om. Ifølgje BA skulle oppussinga koste 77 millionar, og rundt halvparten er løyvd. Forseinkinga er eit resultat av dårlege prioriteringar frå sentrale styresmakter si side.

I det svært avgrensa budsjettet til oppussing av slike bygg har Statsbygg fått beskjed om å prioritere Bygdø kongsgard i Oslo.

950-årsjubileum er såpass føreseielege at det burde gå an å bli ferdig i tide. Det kan tyde på at styresmaktene undervurderer byggets kulturelle betydning på kort sikt.

Regjeringa burde klare å løyve nok pengar i tide til at Statsbygg kom i mål.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».