Byrådet må ta ansvar i Vigilo-saka

Byrådet har ikkje imponert i handteringa av Vigilo-skandalen. Dagens høyring vil vise om dei fortener tillit.

Publisert Publisert

ANSVARLEG: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) har mykje å svare for i høyringa etter Vigilo-skandalen, skriv BT på leiarplass. Foto: Eirik Brekke

I Vigilo-skandalen har Bergen kommune brote tilliten til sine eigne borgarar. Foreldre og born kan ha vore utsett for fare, fordi ein ny teneste-app avslørte kvar dei gjekk på skule.

Saka har enno ikkje fått følgjer for den politiske leiinga i kommunen. Når bystyret i dag har høyring i saka, er det store spørsmålet om det er rimeleg at leiinga har freda seg sjølv.

Les også

Her er feilene som førte til Vigilo-skandalen

Kommunens eigen granskingsrapport viser at kommunen gjorde ei rekke feil då dei skulle innføre eit nytt system for kommunikasjon mellom foreldre og skule/barnehagar.

Rektorar og barnehagestyrar vart 12. mai i fjor ikkje informert om at dei måtte fjerne tilgangen til appen for foreldre som ikkje skulle ha denne.

På eit seminar ein månad etter åtvara Vigilo om at foreldre med hemmeleg adresse kunne bli avslørt i appen, utan at kommunens representantar på møtet reagerte.

Slik held det fram. Prosjektet står fram som kaotisk og vanstyrt. Hovudinntrykket frå granskinga er at Bergen kommune ikkje tok personvernet alvorleg.

Først 4. september gjekk alarmen, då ei mor som tidlegare hadde budd på hemmeleg adresse oppdaga ekssambuaren i Vigilo-appen. Men heller ikkje då klarte kommunen å rydde opp.

Les også

– Vi sov med et balltre i sengen

Ingenting til no tyder på at nokon er utsette for vald som følgje av Vigilo-tabbane. Men saka har skapt uvisse og frykt hos mange som trudde deira personopplysningar var trygge.

Det mest grunnleggande no er at kommunen sørgjer for at noko slikt aldri skjer igjen. Men saka bør òg føre til at dei som har ansvaret blir stilt til ansvar. Til no har saka berre fått følgjer for dei to som leia prosjektet i kommunen, som no er fjerna frå stillingane.

Spørsmålet er om saka bør òg få konsekvensar for deira overordna. Høyringa vil vonleg gje svar på kva skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) og kommunaldirektør Trine Samuelsberg visste og gjorde undervegs i saka.

Men uansett vil det at eit så stort og viktig prosjekt er så vanstyrt slå tilbake på dei to. Det er deira ansvar at avdelinga mangla ein kultur for å ta personvern og datatryggleik på alvor.

Denne svikten blir endå meir uforståeleg når ein veit at det året før vart avslørt eit anna alvorleg brot på datatryggleiken i bergensskulen.

Bergen er styrt etter eit parlamentarisk system. Byrådet står ansvarleg overfor bystyret, og til sjuande og sist for borgarane. Utfallet av høyringa kan bli avgjerande for om byrådet er denne tilliten verdig.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».