Frps dyre eldre-eksperiment

Regjeringas forsøk med statleg finansiert eldreomsorg er dyr og svekker lokaldemokratiet. Den bør stoppast.

DYRT: Prøveordninga med statleg finansiert eldreomsorg er sløsing med skattebetalaranes pengar, skriv BT på leiarplass. På biletet Frp-leiar Siv Jensen og nestleiar Sylvi Listhaug. Heiko Junge

Den som lurer på kvar ein kan kutte i statsbudsjettet, kan ta ein titt på forsøksordninga med statleg finansiert eldreomsorg. Eit eksperiment som har kosta staten 640 millionar kroner sidan oppstarten i 2016, ifølgje tal Aftenposten har henta inn frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Ordninga er eit reint Frp-prosjekt. Ingen andre parti ønskjer å flytte eldreomsorga frå kommunane til staten. Erfaringane med prosjektet til no viser at det gjev høgare kostnader, både for kommunar og staten. Talet på opphaldsdøgn på sjukeheimar har heller ikkje auka i takt med talet på eldre.

Les også

Regjeringa utvidar ein fiasko

Likevel vil regjeringa føre vidare og utvide prosjektet neste år. Kostnadene vil då bli dobla, ifølgje Aftenposten. Varianten som no skal vidareførast veltar kostnadene over på staten, noko som har ført til at fleire kommunar har vist interesse for å bli med.

Frps eldrepolitikk har mykje godt for seg. Private alternativ og andre reformer har gitt dei eldre større valfridom og meir makt til å bestemme over sine eigne liv, sjølv når dei hamnar på institusjon.

Men det Frp her ønskjer seg er ei særordning for å skjerme eldreomsorga mot lokale prioriteringar. Heile poenget med tiltaket er å hindre at eldreomsorg må konkurrere mot andre kommunale oppgåver som skule og oppvekst.

Staten og kommunane er ein sams pengebinge. Når eldreomsorga får meir av ressursane blir det mindre til andre oppgåver.

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen er flink til å påpeike at prioriteringane vil bli hardare framover. Ved å flytte eldreomsorga frå kommunebudsjetta til staten ønskjer ho å skjerme ei av Frps hjartesaker mot desse prioriteringane.

Det er ein måte å flytte makt frå innbyggarane i kommunane til staten, og redusere insentivet til å finne gode, effektive lokale løysingar. Når det i tillegg fører til sløsing med skattebetalaranes pengar, er det merkeleg at eit liberalt parti som Frp ønskjer ei slik løysing.

Ingen trur at ei slik fordyrande ordning nokon gong blir ein realitet. Prøveordninga er berre ein dyr måte Frp får markert sin primærpolitikk på. Dessverre er det slik denne regjeringa har vald å løyse sine samarbeidsproblem, ved å ause ut store mengder oljepengar. Det er ikkje noko godt ettermæle.

Men det er enno tid til å rette på inntrykket. Til dømes ved å avslutte dette fruktlause eksperimentet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».