To pass til dei som treng det

Det er svært bra at det no er lov med dobbelt statsborgarskap.

Publisert: Publisert:

Foto: Rune Nielsen (arkiv)

Frå 1. januar i år er det lov å vere statsborgar i Noreg samstundes som du er det i eit anna land. Med dette fekk Venstre ein viktig, liberal siger.

Det er fleire grunnar til at dette er eit steg i rett retning. I dag er det slik at barn av foreldre med ulik statsborgarskap lett kan kome i ein vanskeleg situasjon. Dei kan få éin eller to statsborgarskapar avhengig av kva land dei er fødde i.

Det vil også bli ein enklare kvardag for nordmenn som til no har mista statsborgarskapen då dei flytta utanlands. Denne gruppa kan no få att det norske passet.

Noreg er det siste landet i Norden som innfører denne ordninga, og var fram til nyttår eitt av berre seks europeiske land som ikkje opna for dobbelt statsborgarskap. Ei harmonisering av desse reglane er etterlengta.

Sjølv om endringa først og fremst er ei liberal utviding av regelverket, har ho også ei anna, viktig side: Til no har det ikkje vore mogeleg å ta statsborgarskapen frå framandkrigarar, fordi dei då har kunna ende opp som statslause.

Les også

Byrådspolitikere og UiB-profiler slår ring rundt demokratiforkjemper

Retten til eit heimland er tydeleg slått fast i menneskerettane. Med dobbelt statsborgarskap opnar Noreg for at det kan bli lettare å sende ut personar som er dømt for terror.

I Politisk kvarter fredag opna Aps Siri Gåsemyr Staalesen for at dette var ei lovendring dei raudgrøne kunne reversere den dagen dei får makt.

Grunnen er at dobbelt statsborgarskap kan gjere det vanskelegare å hente heim barn som har blitt bortført eller gifta bort i utlandet. Dette er ei viktig innvending mot endringane.

Regjeringa bør følgje nøye med på om dobbelt statsborgarskap blir utnytta. Om det skjer, bør likevel ikkje fyrste utveg vere å reversere ordninga. Ein bør heller sjå på meir målretta løysingar.

Allereie i dag blir nordmenn bortførte til land som har dobbelt statsborgarskap. Dermed er ikkje eit forbod ei god nok løysing.

I Noreg i dag er det mange som har tilknyting til meir enn eitt land. Dette er ikkje andrerangs borgarar, men folk som godt kan knyte seg til andre land og samstundes vere stolte av å vere norske.

Noreg blir eit betre land av å vere meir ope og gjestfritt.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».