Terrorens tidsalder

Massedrapet i Manchester viser at terror er blitt ein del av kvardagen i Europa.

Publisert Publisert

DREPT: Georgina Callander (18) og Saffie Rose Roussos (8) er blant de døde etter terrorangrepet mandag kveld. Foto: NTB SCANPIX/PRIVAT

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Nok ein gong er Europa råka av terror. Det er fjerde gongen i år. London, St. Petersburg, Stockholm og no i Manchester. I går ettermiddag var 22 menneske døde, mange barn. Dei hadde vore på konsert med tenåringsidolet Ariana Grande, då ei bombe gjekk av seint måndag kveld. Ifølgje britisk politi var det tale om ein sjølvmordsbombar.

Etter fleire hendingar med bilar som er blitt køyrd inn i folkemassar, vart massedrapet på Manchester Arena utført med sprengstoff. Rapportar om at skruar og boltar låg spreidd på åstaden, tyder på ei heimelaga bombe, laga for å gjere mest mogeleg skade. I går ettermiddag tok IS på seg skulda for åtaket.

Sidan januar 2015 er over 440 menneske drepne i terroråtak i Europa, summerte NTB opp i går. Ingenting tilseier at det er slutt med dette. Åtaket i Manchester understrekar at det er umogeleg å sikre seg heilt mot terror. Sjølv ikkje mot bomber, som krev meir planlegging og difor er lettare for politiet å oppdage og forhindre enn påkøyringar med bil.

Ei utfordring for politiet er at terroren er desentralisert. Terroristane står sjeldan i direkte samband med organisasjonane dei hevdar å handle på vegner av, som i våre dagar stort sett er IS. Ofte handlar dei òg på eiga hand, som gjer det endå vanskelegare å oppdage. Enno veit vi ikkje om det var tilfelle med gårsdagens aksjon.

Les også

BT-leder etter terror i Stockholm: Hold hodet kaldt

Ei anna utfordring er at terroristane går mot såkalla mjuke mål. Det vil seie kven som helst, kvar som helst. Sjølv barn er legitime mål i terroristanes skakkøyrde verdsbilete, noko drapa i Manchester viser.

Åtaket i den nord-engelske byen understrekar likevel igjen kor viktig godt etterretningsarbeid er, for å hindre at slikt skjer. Det er all grunn til å tru at politiet i Storbritannia, som i mange andre land, har hindra mange tilsvarande aksjonar. Det får vi som regel ikkje høyre om. Utfordringa er sjølvsagt at for å vinne, må politiet hindre alle aksjonar, medan terroristane berre treng å lykkast med nokre få.

Difor er det naivt å tru at terroren vil stoppe før dei underliggjande årsakene til den tek slutt. Kompleksiteten i det kan verke overveldande. Det gjeld både sosial integrering i Europa, og avslutting av dei konfliktane som fyrer opp under fiendskap mellom muslimar og vesten.

Likevel er det dit vi må, om vi skal ha noko von om at terroren i Europa nokon gong skal ta slutt.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».