Nei, Listhaug. MDG går ikkje etter eit einaste barn.

Politikarar må slutte å lyge om kvarandre.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Sylvi Listhaugs (Frp) harde utfall mot MDG-politikar Josefine Gjerde er djupt problematisk. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB (Arkiv)

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Josefine Gjerde (MDG) vil ikkje føde barn før ho kan vere sikker på at verda når måla i Parisavtalen. Gjerde er MDGs 2.-kandidat til Stortinget i Hordaland. Utsleppskutta skal hindre ei ukontrollert oppvarming som får enorme konsekvensar for livet på jorda.

«Jeg frykter for framtida til barna. Vi må halvere utslippene hvis vi skal nå målene, og med dagens tempo er jeg ikke trygg på at vi klarer det», sa Gjerde til Dagbladet.

Ho har knytt seg til kampanjen «Birthstrike», der kvinnene som deltar avstår frå å føde barn før klimakrisa er avverga.

Det har skapt voldsomme reaksjonar.

Frp-leiar Sylvi Listhaug rasa mot «babyskam» og påstod følgjande i Dagbladet: «De vil ikke bare ta fra oss bilen, fredagstacoen og sydenreiser, nå skal de gå etter barna våre.»

Det er rett og slett ikkje sant.

Tvert imot sa Gjerde at det ikkje er umoralsk å få barn. «Det er ikke det å få barn som er dumt, men det at vi driver rovdrift på kloden», kunne Listhaug lese Gjerde seie.

Politikarar må halde seg for gode til å spreie løgner om kvarandre. Det innskrenkar rommet for å ytre seg i politiske diskusjonar. Ved å overdrive så veldig, opnar Listhaug døra for at ei ung kvinne blir hetsa på internett.

Josefine Gjerde er MDGs 2. kandidat til Stortinget frå Hordaland. Foto: Privat

Media har òg eit ansvar i slike saker.

Det ser ikkje ut til at Listhaug har blitt møtt med kritiske spørsmål på påstanden om at Gjerde går etter barna. Tvert imot brukte Dagbladet den feilaktige påstanden om at Gjerde «går etter barna» for å lokke folk inn i saka.

Det er trist, og bidreg til ein dårlegare offentleg samtale.

Det burde vere unødvendig å minne Framstegspartiet om at kvinner sjølv må få bestemme om dei vil føde barn. Det er deira kroppar og deira val.

Dei som vel å ikkje få barn – uavhengig av kva grunnen er – må få velje det utan at Frp-leiaren blandar seg inn.

Gjerdes personlege val om å ikkje få barn før verda har fått kontroll på klimakrisa, har sjølvsagt politikk i seg.

Men det at Frp rasar mot ei ung kvinnes personlege val om å ikkje få born, viser kor dårleg det står til i partiet om dagen.

Publisert
  1. Sylvi Listhaug
  2. Fremskrittspartiet (Frp)
  3. MDG
  4. Netthets
  5. Graviditet

Les mer om dette temaet

  1. Begge overlevde Utøya. Bare én av dem fikk hjelpen de trengte.

  2. EU lanserer ny klimapakke. Dette betyr den for norsk næringsliv.

  3. – Stopp effektiviserings­jaget i barsel­omsorgen

  4. Elendig oppslutning for Frp på Dagbladet-måling

BT anbefaler

Stjernearkitekt Todd Saunders har brukt år på å gruble ut huset. – Jeg tror folk vil leve enklere.

Etter flere års grubling, tror Todd Saunders at han endelig har designet en løsning.