Noregs tyrkiske blunder

Både tabben som utpeikte Nato-landet Tyrkia til fiende og Tyrkias reaksjon, gjev grunn til uro.

KRENKJA: Noreg bør rydde opp etter Nato-tabben som utpeika Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan som fiende. Men det må ikkje gjere regjeringa feigare i kritikken av menneskerettsbrot i Tyrkia, skriv BT på leiarplass. NTB Scanpix

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan står fram som djupt krenkt, etter at han og grunnleggjaren av det moderne Tyrkia, Mustafa Kemal Atatürk, vart framstilt som fiendar av Nato under ei Nato-øving på Jåttå ved Stavanger.

Tabben som skapte krenkinga er så amatørmessig at det er vanskeleg å forstå. Ifølgje Nato-sjef Jens Stoltenberg var det ein privat kontraktør som stod bak. Vedkomande var tilsett av norske styresmakter, og ikkje av Nato.

Både Nato-leiar, Jens Stoltenberg, og Noregs forsvarsminister, Frank Bakke-Jensen (H), har bedt om orsaking for hendinga. Men Erdogan svarte i ein tale at saka ikkje kan løysast «med ei enkel orsaking».

Erdogan er ikkje åleine. Kemal Kılıçdaroğlu, som leiar det fremste opposisjonspartiet, sosialdemokratiske CHP, sa det same.

Forsvarsminister Bakke-Jensen har varsla ei grundig undersøking av saka. Ein slik tabbe skal ikkje skje, og ministeren må sørgje for at det ikkje skjer igjen.

LANDSFADER: Mustafa Kemal Atatürk blir rekna som grunnleggjaren av det moderne Tyrkia. Han står sterkt i det tyrkiske folket, og i landet er det forbode med lov å krenkje Atatürk. Lefteris Pitarakis / TT / NTB Scanpix

I dei fleste vestlege Nato-land ville hendinga blitt sett som ein tabbe, utan særleg etterspel. Når Tyrkia reagerer så sterkt, har det både historiske og politiske årsaker.

Tyrkisk nasjonalisme har i lang tid bygd på kjensla av krenking og konspirasjonar frå vesten, med røter tilbake til oppløysinga av det ottomanske riket. Vestens kritikk av Erdogans stadig meir autoritære styre blir brukt av Erdogan som ei stadfesting av at «vesten er i mot oss». Hendinga på Jåttå går rett inn i denne forteljinga.

Hendinga er spesielt gunstig for Erdogan, fordi han hamnar i selskap med «Tyrkias far», Mustafa Kemal Atatürk. Det styrkjer Erdogans stilling i delar av folket der han ikkje har så stor støtte.

Tyrkia har under Erdogan utvilsamt gått i ei svært urovekkjande autoritær retning. Likevel er Tyrkia eit land ein må ta omsyn til. Tyrkia har Natos nest største hær, og er strategisk svært viktig for alliansen.

Erdogan brukar hendinga på Jåttå for det den er verdt, for å skaffe seg politisk armslag. Akkurat som han har brukt avtalen om å stoppe asylstraumen til Europa.

Tyrkia ønskjer neppe sjølv å gå ut av Nato, trass Erdogans tilsynelatande gode forhold til Russlands president Vladimir Putin. Hending på Jåttå bør takast alvorleg, men det er ingen grunn til at den skal gjere norske styresmakter feigare i kritikken av Tyrkia når menneskerettar blir krenkte.