For lang ventetid til legekontoret

Mykje tyder på at vi har for mange legestudentar.

LEGESTUDENTAR: Det har blitt fleire studieplassar i Noreg dei siste åra. I 2017 var det fleire søkjarar pr. spesialiseringsstilling enn åra før. Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Legestudentar meiner at det er for få stillingar der dei kan oppnå spesialisering (LIS1). Det er forståeleg at folk ønskjer å kome raskt ut på arbeidsmarknaden etter eit langt studium, men tilfanget av arbeid må stå i stil med behovet.

Argumentet er at det offentlege har brukt store beløp på utdanningsløpet deira, som ikkje vert fullført utan ein LIS1-stilling.

For å auke sjansen til å fullføre, må legestudentane vere viljuge til å ta spesialiseringa si der dei kan få den, uansett kvar det er i landet. Og viss det skal opprettast fleire spesialiseringsstillingar, må det vere fordi behovet faktisk er til stades.

Les også

Man får ikke rekruttert nye fastleger slik!

Helsedirektoratet peikar nemleg på at Noreg har ei tilfredsstillande dekning av legar, med unntak av nokre regionar og nokre spesialiseringar.

Men rapporten viste òg at kvar tredje fastlege er 55 år eller eldre, og gruppa over 67 år er stigande.

Når mengda LIS1-stillingar har stått stille dei siste åra, er det grunn til å stille spørsmål om mengda spesialiseringsstillingar tar opp i seg at behovet kan auka i framtida.

Les også

– Vi er i ferd med å bli utslitt

Les også

Unnskyld fra en fastlege

Arbeidsmengda til fastlegane har fått mykje merksemd i det siste. I april kom det fram at seks av ti fastlegar vurderer å slutte på grunn av arbeidspress. Undersøkinga vart gjort på vegner av protestaksjonen Trønderopprøret.

Helseminister Bent Høie (H) stiller seg bak påstanden om arbeidspress, og skriv følgjande i BT 4. juli: – Fastlegene har fått for mange oppgaver og for stort arbeidspress.

Han har sett i gang ei utgreiing av fastlegeordninga, der fleire fastlegestillingar kan bli eitt av utfalla. I så tilfelle må òg mengda spesialiseringsstillingar aukast.

Legestudentane står i ein sterk konkurranse med utanlandske legar, men òg med norske studentar som har studert i utlandet. Noreg har ikkje nok studieplassar til å dekkje behovet for legar sjølv, så nær halvparten av spesialiseringsstillingane går til studentar som har studert i utlandet.

Legeforeininga har eit mål om at 85 prosent skal vere utdanna i Noreg. Det har blitt fleire studieplassar i Noreg dei siste åra. I 2017 var det fleire søkjarar pr. spesialiseringsstilling enn åra før. Og no vurderer Kunnskapsdepartementet å auke talet på studieplassar i Noreg endå meir.

Det kan fort føre til ein overproduksjon av legestudentar. Regjeringa har nemleg ikkje meldt om grep for å redusere talet på utanlandsstuderte legar tilsvarande.