KrFs ikkje-siger

KrFs innflytelse på abortlova er minimal, og godt er det.

Publisert:

LITE GJENNOMSLAG: KrF gjekk inn i forhandlingane med håp om å gjere store endringar i abortlova. Det klarte dei ikkje, meiner Bergens Tidende. Terje Bendiksby, NTB Scanpix

KrF fekk eit tilsynelatande gjennomslag i abortpolitikken då den nye fleirtalsregjeringa vart presentert torsdag. På sine eigne nettsider skriv partiet at dei har fått gjennomslag for å «stoppe muligheten til tvillingabort.»

Det stemmer ikkje.

Først: «Tvillingabort» er eit misvisande omgrep, då inngrepet reduserer talet på foster i livmora. Dersom fosterreduksjon vart stoppa, ville det framleis vere mogeleg å ta abort på tvillingar.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Fornuftsekteskapet

Ifølgje regjeringserklæringa vert ikkje tilgangen til fosterreduksjon stoppa. Der står det nemleg at fosterreduksjon ikkje lenger skal vere mogeleg innanfor grensa for sjølvbestemt abort.

«Utover dette gjøres det ikke endringer i abortloven», står det vidare.

Det betyr at ein ikkje lenger skal tillate fosterreduksjon i dei tolv første vekene i graviditeten. Etter grensa for sjølvbestemt abort, er det i dag mogeleg å søkje ei nemnd om løyve til abort.

Les også

Ropstad beklager abort-utspill: – Krøkkete sagt

Slik vil det framleis vere. KrFs gjennomslag fører difor neppe til færre abortar.

– Eg tenkjer at det ikkje blir fleire abortar, men det kan ein ikkje vite. Den mogelegheita vil eksistere ved nemndbehandling etter veke 12, seier konstituert KrF-leiar Olaug Bollestad til Dagsavisen.

«Det er teknisk vanskeligere å få det til tidlig og sannsynligvis er det litt større risiko for komplikasjoner hvis man gjør det tidligere», sa seksjonsoverlege Torbjørn Eggebø til NRK i 2017.

Regjeringsplattforma er difor i tråd med ønsket til fagmiljøet som utfører desse abortane. Dei medisinske reservasjonane mot tidleg fosterreduksjon er viktig å leggje vekt på.

Les også

Slik er regjeringsplattformen

Samtidig som KrF oversel sigeren sin, overdriv venstresida i sine reaksjonar mot endringa.

– Det er uetisk og trist at det vert forhandla om abortrettar i eit maktspel, seier Arbeidarpartiets Ingvild Kjerkol. Ap vil reversere vedtaket så snart dei kan. Bjørnar Moxnes (R) seier at Ropstad bør grue seg til 8. mars.

– Det vil bli historisk store markeringar for å stoppe svekkinga av kvinners rettar.

Kjersti Toppe (Sp) meiner på si side at KrF nok ville fått gjennomslag for den same endringa på venstresida.

– Dette er ingenting å basere eit linjeskifte på, seier ho til Klassekampen.

KrF gjekk inn i forhandlingane med håp om å gjere store endringar i abortlova. Abortlova prega debatten rundt KrFs retningsval i fjor haust. Øvst på ønskjelista var å endre paragraf 2c, som gir kvinner rett til abort dersom fosteret er alvorleg sjuk.

Det klarte dei ikkje, og godt er det.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».