Lykkeleg slutt i Øystese

Øystesevassdraget er endeleg verna. Fornufta sigra til slutt.

Publisert: Publisert:

JUBEL: Det var god stemning tysdag hjå folk som hadde kjempa for vern av Øystesevassdraget. Frå v. Synnøve Kvamme, Helene Ødven, Klaus Rasmussen, Oddvar Soldal og Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet. Naturvernforbundet

Tysdag vart ein tretti år lang kamp for Øystesevassdraget krona med ein endeleg siger. Vassdraget er teke inn i Verneplan for vassdrag, og er dermed sikra for all framtid. Det er svært gledeleg.

Historia til Øystesevassdraget er ein del av den vanskelege avveginga mellom naturvern, utbygging av fornybar energi og næringsinteresser.

Det siste året har det ordskiftet i stor grad handla om vindmøller. Men saka i Øystese viser at vasskraftutbyggingar kan ha vel så store følgjer for natur og miljø.

I Øystese vann omsynet til artsmangfald og tilgang til urørt natur over kraftutbygging. Argumenta mot ei utbygging var rett og slett betre enn argumenta for.

Utgangspunktet var at lokale grunneigarar og Øystese Kraft AS ville byggje ut den nedre delen av vassdraget, medan BKK hadde søkt konsesjon i den øvre delen.

NVE sa først ja til båe utbyggingane, men rett før valet i 2017 kom statsminister Erna Solberg (H) til Bergen med meldinga om at regjeringa sa nei til utbygging.

Kampen om Øystesevassdraget har lært oss mykje om dynamikken i slike utbyggingssaker. Mellom anna hadde kraftselskapa hyra inn biologar som konstaterte at det ikkje var utryddingstruga artar i området. Då naturvernarane hyra inn sine eigne ekspertar, fann dei ei rekkje sjeldne artar.

Vedtaket vil òg kunne leggje føringar for andre utbyggingssaker. Omsynet til urørt natur og raudlisteartar er i denne saka blitt prioritert over ei kraftutbygging som ville gjeve 63,3 GWh ny kraft årleg. Det svarar til forbruket til drygt 3000 husstandar.

Urørt natur er ei mangelvare i Noreg. Berre 12 prosent av det norske landarealet er villmark. I Sør-Noreg berre seks prosent.

Klimaendringane er vår tids største utfordring, noko som er eit sterkt argument for utbygging av fornybar energi. Men det må skje på ein slik måte at det ikkje kolliderer med eit anna grunnleggjande problem: tapet av biologisk mangfald.

I tillegg skal ein ikkje undervurdere gleda ved å kunne opphalde seg i urørt natur. Byggjer ein ut område som Øystesevassdraget, er det tapt for alltid.

Felles for desse omsyna er at dei ikkje kan kvantifiserast i kroner og øre. Regjeringa har med Øystesevassdraget vist at dei likevel har ein høg verdi. I så måte blir det interessant å følgje med når natur skal vegast mot miljø i dei mange vindkraft-utbyggingane som vil hamne på regjeringas bord i tida framover.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».