Nyfylket må henge saman

Staten kan ikkje slå saman Hordaland med Sogn og Fjordane og så redusere kollektivtransporten.

Publisert:

MED LUFT UNDER VENGENE: Skal nye Vestland ha ein sjanse til å bli eitt fylke, kan ikkje staten leggje ned transportrutene internt mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Om mindre enn eitt år er nye Vestland fylke røyndom. Nyfylket her vest er fødd i strid. Men skal samanslåinga lukkast, må staten ta konsekvensen av si eiga fylkesreform.

Nye Vestland skal få nokre nye oppgåver. Ei av dei er kjøp av innanlandske flyruter. Men no legg staten ned ei rute rett før samanslåinga trer i kraft, skriv Firda.

Les også

Jens Kihl: Stille i fjøset

Denne veka lyste Samferdsledepartementet ut eit anbod på drift av sju flyruter på kortbanenettet i Sør-Noreg. Her er ruta mellom Førde og Bergen borte. Denne ruta har ikkje eit godt nok kommersielt grunnlag til å bli driven utan statsstøtte, og vil derfor truleg forsvinne.

Det er eit paradoks at staten lyser ut desse flyrutene få månader før det nye storfylket er ein realitet. Faktisk startar ikkje sjølve anbodsperioden før 1. april 2020, altså etter at Vestland fylke er i full verksemd. Dette burde fylkespolitikarane ha fått styre.

Les også

Fylkeskommunen hyret inn Jan Åge Fjørtoft til å være konferansier. Det kostet 75.000 kroner.

Anbodsperioden varer til 2024. Når Samferdsledepartementet no lyser ut anbod, vil det påverke handlingsrommet til vestlandspolitikarane i årevis framover. Helse Førde er ein annan aktør som reagerer på rutekuttet, melder Firda.

I Førde skal avdelinga for kultur, idrett og integrering i det nye fylket liggje. Det er berre eit av mange døme på at det kan vere grunn til å vente med å leggje ned ruta.

Les også

– Frustrerende at bare politikere fra Hordaland er flinke nok

Ein må sjølvsagt vege klima og nytte opp mot kvarandre, men det er uansett ikkje klimagassutslepp som låg til grunn for nedlegginga.

Men det stoppar ikkje der. No varslar Nettbuss at dei reduserer busstilbodet mellom Sogndal og Bergen. Nettbuss er heileigd av NSB, som igjen er heileigd av staten.

Les også

Frykter at regionreformen skal smuldre opp

Marknadssjef Svein Arne Vik i Nettbuss fortel til Sogn Avis at «Nettbuss går generelt ikkje ut med trafikktal, mellom anna av omsyn til konkurransen». Statlege Nettbuss bør ikkje drive med den slags hemmeleghald.

Slik blir kollektivtilbodet gradvis demontert. Resultatet er dårlegare vilkår for folk, offentlege etatar, næringsliv og turisme.

Staten gjer det vanskelegare å slå saman fylka ved å leggje ned samferdsletilboda. Det er heller ikkje bra å gjennomføre dette anbodet på tvers av lokale ønske rett før oppgåva blir overført til nyfylket.

Les også

Store, vaklande kjempe

Dette skulle nettopp vere saksfeltet det nye fylket skulle få styre. Det sender svært dårlege signal at staten gjer det vanskelegare for nye Vestland å fungere godt.

No må ikkje staten øydeleggje for si eiga regionreform.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».