Dårleg omdøme er ikkje ei politisak

Bergen kommune og politiet opptrer uverdig i møte med den 13 år gamle varslaren.

ANSVARLEG: – Bergen kommune er ansvarleg for sin eigen IT-tryggleik. Det er kommunen som skal sikre at elevar og tilsette sin informasjon er lagra på forsvarleg og lovleg vis, meiner BT. Fred Ivar Utsi Klemetsen (Arkiv)

I fjor vart det avslørt at Bergen kommune hadde lagra sensitiv informasjon om 35.000 personar utan sikring. Det var ein no 13 år gammal gut som avslørte det. No vert guten straffa for måten han gjorde det på.

Han sende nemleg ei melding til 301 personar frå rektors konto.

Dette kunne kommunen unngått dersom dei hadde tatt eit tidlegare varsel frå guten (og grunnleggjande IT-tryggleik) på alvor. Det gjorde dei ikkje.

Reaksjonen vitnar om ei omsynslaus framferd frå både kommune og politi.

Politiet har inndradd tre harddiskar og éin minnepenn. Det er ei straff som skal verke allmennpreventivt, seier politiet.

Guten er under den kriminelle lågalderen, så han kan ikkje ta straffa til retten. Når han manglar desse rettane i møtet med politiet, er det ekstra ille at politiet går så hardt ut mot han.

I førelegget skriv politiet at guten «påførte Bergen kommune tap av omdømme». Det er ei setning som påfører politiet dårlegare omdøme.

Fredag ettermiddag beklaga politiet ordbruken til NRK.

Les også

Sønnen varslet kommunen om datahull og fikk politiet på døren. – Vi har alle noe å lære av saken, sier foreldrene.

Bergen kommune er ansvarleg for sin eigen IT-tryggleik. Det er kommunen som skal sikre at elevar og tilsette sin informasjon er lagra på forsvarleg og lovleg vis.

Det gjorde dei ikkje, og dei handla ikkje då eit barn varsla dei om saka. Når dei så valde å dytte ein 13-åring framfor seg har kommunen påført seg sjølv eit dårlegare omdøme.

Bergen kommune nekta lenge å godta bota på 1,6 millionar kroner frå Datatilsynet. Dei enda opp med å vedta bota, men den manglande evna til å ta ansvar for eigne feil er skuffande.

Det var kommunens lovbrot som var klart mest problematisk.

Les også

Foreldra: «Sonen vår har vanskar med å forstå kvifor han skal varsle neste gong han finn eit stort sikkerheitshol hos Bergen kommune.»

Kommunar over heile landet bør lære av denne saka i Bergen. Varsel må takast på alvor. Og dersom eit barn endar opp med ein slik aksjonsform som i Bergen, så må ein ikkje møte det med ei stram byråkratisk maske.

Ein kan nemleg ikkje forvente at elevar på barneskulen veit akkurat korleis dei skal seie ifrå. Men ein kan forventa at kommunar og politi opptrer som vaksne.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».