Solberg må samle troppane no

Veljarane til regjeringspartia bør stille eitt krav: Partia må bruke meir tid på det dei er einige om.

Publisert Publisert

MÅ SAMARBEIDE: Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) må få regjeringa til å samarbeide betre, meiner BT på leiarplass. Foto: Håkon Mosvold Larsen (Arkiv)

  1. Leserne mener

Erna Solbergs (H) regjering har vore plaga av altfor mange interne kranglar. Det er knapt noko engasjement igjen å spore for regjeringsprosjektet. Dersom fleirtalsregjeringa skal overleve, må regjeringa snart byrje å samarbeide igjen.

Sist ut er Frps krav om ferske gjennomslag, i byte mot at ei mor med tilknyting til terrorgruppa IS og hennar to barn fekk kome tilbake til Noreg.

Og det er berre nokre månader sidan Frp sette valkampen på hovudet for å krevje nye gjennomslag i bompengepolitikken.

Det er eit politisk spel som berre er eigna til å auke avstanden til veljarane.

Les også

Jens Kihl: Siv Jensen må få kontroll over situasjonen i Frp

Regjeringa baserer seg på ein avtale som er berre eitt år gammal. Det einaste kravet som bør gjelde no, er at regjeringspartia må halde seg til det dei har blitt einige om.

Regjeringspartia må slutte å øydelegge for kvarandre. Kranglinga går utover politikken regjeringa har fått fleirtal til å føre. Det er framleis behov for å avbyråkratisere staten, til dømes.

Regjeringspartia spenner bein på seg sjølv. Venstresida gjer det godt på målingane for tida. Høgre, Frp, Venstre og KrF slit.

Skal dei borgarlege partia ha ein sjanse i 2021, må dei byrje å jobbe for eit felles mål. Klarer dei ikkje det, får Frp heller trekke seg frå regjeringa.

Les også

Morten Myksvoll: Politikarar må ta ansvar, og ikkje berre bli sitjande.

Då Granavollplattforma vart kjent, kunne ein lese om store gjennomslag på Frps nettside, blant anna på innvandring, samferdsle og helse.

Ved å setje heile regjeringa i spel, set Frp òg eigne gjennomslag i fare. Går Frp ut av regjering, kan viktige sigrar for Frp forsvinne, eller bli reversert.

Det er neppe i Frp-veljaranes interesse.

Noreg treng at regjeringa roar dei interne gemytta, og bruker alle sine krefter på å styre landet i den retninga som veljarane har peika ut. Ei fleirtalsregjering skal eigentleg vere ganske effektiv, sidan ein slepp å leite etter støtte i Stortinget.

Det gav Solbergs mannskap gode kår til å både sikre ein meir berekraftig velferdsstat og kutte utslepp. No er det stor fare for at regjeringspartia skuslar bort denne fordelen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».