Giske bør ta ansvar, og gå av

Landets største parti kan ikkje leve med ein nestleiar på lånt tillit.

LANGVARIG: Støre seier sjølv det har vore ein ukultur, og den burde partiet tatt fatt i for lenge sidan, meiner BT. Junge, Heiko / NTB Scanpix

Aldri før har ein leiar i Arbeidarpartiet omtalt sin eigen nestleiar slik Trond Giske vart omtalt av Jonas Gahr Støre fredag føremiddag.

«Han har ikkje mykje å gå på», sa Støre.

Vidare sa han at det no er viktig å rydde opp og kome vidare med politikken. Det Støre legg opp til, er det motsette.

Etter ei dryg veke med medieoppslag der anonyme kvinner fortalde om utidige, seksuelle tilnærmingar frå Giske, stadfesta Støre torsdag kveld at Giske har «opptrådt kritikkverdig».

Støre ville ikkje svare på om han hadde tillit til Giske, berre at han har «tillit til at han kan gjøre den jobben han er satt til å gjøre».

Støre har fleire gonger gjentatt at tilliten til Giske er svekka, og at vegen vidare vil avhenge av kva som dukkar opp av historier. Dermed har partiet ein nestleiar som når som helst kan miste partiets tillit, utan eit klart sluttpunkt.

Les også

FRØY GUDBRANDSEN: Lukkede øyne i Ap.

Det er framleis uklart kva Giske har gjort, og kor stort omfang det har. Gjennomgåande for historiene i media er at Giske skal ha kome med verbale, seksuelle tilnærmingar til unge kvinner.

I fleire av tilhøva skal det ha skjedd i samanhengar der Giske opptredde i kraft av sin posisjon, i parti og regjering. Det undergrev den tilliten slike verv er avhengige av.

Felles for alle er eit ujamt makttilhøve mellom Giske og kvinnene, der hans posisjon gjer at kvinnene føler seg pressa.

At sakene om Giske kjem opp no, er ikkje tilfeldig. Metoo-kampanjen har senka terskelen for kva ein kan melde frå om, noko Støre sjølv understreka til NRK fredag.

Det fritek likevel ikkje leiinga og resten av likestillingspartiet Ap. Støre seier sjølv det har vore ein ukultur, og den burde partiet tatt fatt i for lenge sidan.

Les også

STØRE: – Giske må nå vise seg tilliten verdig.

Giske har òg vore verna fordi rykta er blitt tolka inn i maktkampen i partiet. Giske blir rekna som hærførar for venstresida, og har mange allierte i parti og fagrørsle.

Men sjølv om ein tenkjer kynisk maktpolitikk, har dei gjort eit dårleg val ved å satse på ein kandidat med ei slik framferd som den Giske synest å ha hatt.

Sjølv om nokre av dei som står fram òg skulle vere ute etter å skade Giske politisk, spelar det ikkje noko rolle.

Så lenge Giske har gjort det han er skulda for, er det problemet. Ingen maktkamp kan rettferdiggjere slik framferd frå ein som har ambisjon om å bli landets statsminister.

Tida vil vise kor alvorleg Giskes åtferd har vore, men det er tydeleg for alle at han skadar partiet ved å bli sitjande. Av respekt for partiet bør han difor tre til side.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».