Er det berre meg, eller koker heile kloden?

Noreg må kutte meir av klimagassutsleppa innanlands.

SPELER SPELET: I september spelte klimaminister Ola Elvestuen (V) og statsminister Erna Solberg (H) Kahoot i New York. I desse dagar er dei aktørar i eit langt meir krevjande spel, nemleg det som handlar om klodens framtid. Pontus Höök, NTB Scanpix

Denne veka er klimaminister Ola Elvestuen (V) til stades under dei internasjonale klimaforhandlingane i Katowice, Polen. Sjefen hans, statsminister Erna Solberg (H), hadde i går ein kronikk på trykk i Aftenposten.

I kronikken hyllar Solberg den norske klimapolitikken: «Den norske erfaringen er at vi kan omstille økonomien og kutte klimagassutslippene uten at den økonomiske veksten stagnerer. Det er en historie vi håper verden vil lytte til i Katowice.»

Fakta er at norske klimagassutslepp går marginalt nedover, men framleis er skyhøge samanlikna med dei fleste land i verda. Om Solberg har sendt sin klimaminister til Polen for å be verda lære av Noreg, kan ein forstå at det ikkje er meir fart i klimaforhandlingane.

I helga hadde Venstre landsstyremøte. Der vedtok dei ei lang rekkje krav for kva ei ny regjeringsplattform bør innehalde. Øvst på lista står ein forsterka klimapolitikk.

Venstre vil at Noreg skal vere eit nullutsleppssamfunn i god tid før 2050. For å nå dette målet må det norske 2030-målet bli auka til minst 55 prosent kutt innanlands, meiner partiet.

Les også

Verden satte ny utslippsrekord i 2017

Kravet står i sterk kontrast til statsministerens line, som fyrst og fremst legg opp til kutt utanlands. Venstre-leiar Trine Skei Grande har uttalt at Jeløya-plattforma er «utdatert på klima» i takt med den nye kunnskapen som har kome.

Grande har rett. Same dag som regjeringa presenterte sitt framlegg til statsbudsjett for 2019, la FNs klimapanel fram ein rapport som slo fast at det står mykje verre til med klimaet enn vi trudde.

Ny kunnskap krev ny handling. Noreg kan ikkje berre vente at utviklingsland skal kutte i sine utslepp. Vi må bidra langt meir her heime.

Då Erna Solberg skreiv si fyrste regjeringsplattform i 2013, var ikkje klima mellom dei åtte prioriterte satsingsområda. Erna Solberg kan bli ståande som statsministeren som hadde kunnskapen, men likevel valde å sjå ein annan veg.

Noreg kjem ikkje unna å gjennomføre utsleppskutt som svir. Ei fleirtalsregjering er det beste utgangspunktet for å gjennomføre slike krevjande, strukturelle tiltak.

Denne vinteren har Erna Solberg sjansen til å skrive ei regjeringserklæring som tek klimaet på tilstrekkeleg alvor. Den sjansen må ho gripe.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».