Telefonkrigen

Bombinga av Libya viste at Noreg manglar gode rutinar for å gå til krig.

VISSTE LITE: Utvalet som har evaluert Noregs bombing av Libya skriv at norske politikarar hadde «svært begrenset» kunnskap. – Det er uakseptabelt, meiner BT. Utvalet var leia av tidlegare utanriksminister Jan Petersen (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Publisert:

Avgjerda om å sende norske jagarfly til Libya vart tatt utan eitt einaste formelt møte i regjering eller storting. Regjeringas underutval hadde berre kontakt på telefon. Det er uakseptabelt.

Les også

Les også: Pilotene som trykket på knappen

Norske politikarar hadde «svært begrenset» kunnskap om situasjonen i Libya, skriv utvalet som har evaluert den norske deltakinga i bombinga av landet i 2011. Då hjelper det ikkje at utvalsleiar Jan Petersen slår fast at Stortinget var konsultert før jagarflya byrja bombinga.

Flya var allereie sendt, og avgjerda var i realiteten tatt. Noreg kan ikkje gå til krig på den måten.

Les også

Stoltenberg til Stortinget: Norge er ikke i krig i Libya. Forsvarsdepartementet mente det motsatte.

17. mars 2011 vedtok FNs Tryggingsråd ein resolusjon som opna for militær inngriping mot Libya. To dagar seinare sende den norske regjeringa F-16-fly til Libya.

Målet var å stoppe eit mogeleg folkemord.

Nato-aksjonen gjekk langt utover FN-mandatet. Den skulle beskytte sivilbefolkninga, men støtta opprørsgrupper som avanserte mot regjeringshæren. Det enda med at Libyas president Muammar Gaddafi vart drepen.

«Norske styresmakter må ha vore kjende med at dette var ein konsekvens, og at andre land hadde definert regimeendring som målsetjing», sa Petersen på pressekonferansen. Det poenget var fråverande i den norske debatten, noko utvalet skriv i rapporten.

Dette er spesielt viktig for soldatane som er med på slike aksjonar. – Det er viktig at soldatane kan stole på at avgjersler frå politisk hald er grundig gjennomgått og grunngitt, slik at dei ikkje blir sitjande igjen med ein følelse av at dei har vore med på noko dei ikkje burde, seier Dag-Magne Lunde i veteranforbundet NVIO til Aftenposten.

Les også

Pilotene som trykket på knappen

Libya-krigen vart grunngjeve med humanitære omsyn, som vart gjeldande etter folkemorda i Rwanda og Bosnia på 1990-talet. FN-prinsippet om humanitær intervensjon vart laga etter mal frå Natos inngriping i Jugoslavia i 1999.

Befolkninga i Kosovo var truga av etnisk reinsing frå Jugoslavia, og Nato-bombinga førte til at provinsen erklærte sjølvstende.

Les også

Utvalg om norsk Libya-innsats: Operasjonen hadde folkerettslig grunnlag

Elleve dagar etter Gaddafis død avslutta Nato oppdraget. Kontrasten til Kosovo er enorm. Der er det framleis fleire tusen fredsbevarande styrkjer.

Det er synd at den manglande oppfølginga etter bombinga ikkje er ein del av utvalets mandat eller rapport.

Noreg har ikkje sendt jagarfly på Nato-oppdrag for siste gong. I framtida bør konsultasjonen med Stortinget vere reell, og ein må vere open om kva formålet med krigshandlingane er.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».