Lokal lakseskatt, eller ingenting

Skal det innførast ekstra skatt på oppdrett, bør ikkje pengane hamne i statskassa.

KJELDA: Kommunane og fylka der fiskeoppdrett skjer bør får behalde mesteparten av inntektene frå ein eventuell grunnrenteskatt på oppdrett, skriv BT på leiarplass. Eirik Brekke

Motstandarane av lakseskatt vann fram på helgas landsmøte i Venstre. Regjeringspartiet, som i fjor var med på å presse gjennom ei utgreiing om grunnrenteskatt på oppdrett, har no blitt kritisk til skatten. Og det lenge før utvalet har konkludert.

Stortingsrepresentant Andre Skjelstad frå Trøndelag grunngjev vendinga med ei frykt for at skatten vil gå til staten, og at det ikkje var intensjonen då Venstre støtta ei utgreiing.

I utgangspunktet bør Skjelstads frykt vere ugrunna. Då Stortinget vedtok at saka skulle utgreiast, var eit av måla å sikre vertskommunar «stabile og forutsigbare inntekter for bruk av areal og for å tilrettelegge for nytt areal».

Men mandatet til utvalet er tvitydig. Dei blir bedne om å sjå ein ny grunnrenteskatt og det eksisterande havbruksfondet (der 80 prosent går til fylke og kommunar) i samanheng, og så vurdere fordelinga «mellom kommuner, fylkeskommuner og stat».

Utgreiinga regjeringa har bestilt vil ikkje bli levert før i november. Men det er all grunn å følgje godt med. Det finst sterke krefter som ønskjer å ause laksemilliardane opp i den ovstore statskassa, framfor å la det gå til distrikta der produksjonen finn stad.

Her er det freistande å sitere gårsdagens leiar i Aftenposten, som viser til skatteregimet for olje og vasskraft, som «gjør at en andel av overskuddet skal tilfelle statskassen og dermed fellesskapet» (vår utheving).

Sanninga er at grunnrenteskatten på olje i så måte er eit særtilfelle i norsk samanheng, ved at den går utelukkande til statskassa.

Grunnrenteskatten på vasskraft blir fordelt mellom stat og vertskommunar, medan grunnrenta som ligg i konsesjonar til fiskebåtar går til næringa i ein uskriven kontrakt om at den skal skape arbeidsplassar og inntekter langs kysten.

Skatteinntekter frå vanleg næringsdrift blir òg fordelt mellom lokalsamfunn og staten, gjennom skattesystemet.

Det er liten tvil om at den høge avkastinga til oppdrettarane dei siste åra, skuldast ein eksklusiv tilgang på areal i sjø, som i oppdrettssamanhang er eit knapt fellesgode. Det kvalifiserer til grunnrenteskatt.

Men får næringa bukt med sjukdom og lakselus, eller eit teknologisk gjennombrot for oppdrett på land, forsvinn eksklusiviteten og dermed grunngjevinga for skatten.

Det gjer at næringa står i ein annan kategori enn olje, vasskraft og villfisk. Diskusjonen om grunnrenteskatt må ta høgde for det.

Og den må ta høgde for samfunnskontrakten mellom oppdrettsnæringa og dei lokalsamfunna der produksjonen skjer. Det tilseier at mesteparten av skatten må førast tilbake til fylke og kommunar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».