Fotballforbundet må ta ansvar for pyro-bråket

Noregs Fotballforbund bør snakke med supporterane på ein skikkeleg måte, og få slutt på pyro-konflikten.

Publisert: Publisert:

MEININGSLAUST: Konflikten mellom fotballsupporterar og Fotballforbundet om bruken av bluss er meiningslaust infantil og skadeleg for fotballen, skriv BT på leiarplass. Foto: Ole Martin Wold

Det er krigsstemning mellom landets fotballsupporterar og Noregs Fotballforbund (NFF). Denne gongen handlar det om bruken av bluss og andre eldgjevande effektar. NFF har til no delt ut 145.000 kroner i bøter for ulovleg bruk av slike effektar blant publikum på fotballkampar.

I helga kulminerte det heile med at politi utkledd som Rosenborg-supporterar greip inn på tribunen og arresterte ein supporter. Han vil bli politimeld for bruk av pyro.

Les også

Forvirring, fortvilelse og frustrasjon over tid: Derfor skaper pyroeffekter splid i Fotball-Norge akkurat nå

Politiets framferd tømmer bensin på eit bål som nokon skulle ha sløkt for lengje sidan. I staden for ein fornuftig diskusjon om farane ved bruk av pyroteknisk utstyr på fotballstadion, er det no full konflikt mellom NFF og supporterane.

Her må Noregs Fotballforbund ta mesteparten av skulda. Det er deira ansvar å skape ei felles forståing for korleis pyroeffektar skal brukast.

Ifølgje supportergrupper Aftenposten har snakka med handlar ikkje saka berre om pyro. Det handlar meir om at supporterklubbane ikkje føler dei blir tatt på alvor, og at NFF har ei ovanfrå-og-ned haldning til supporterane.

Dette er eit problem NFF gjer klokt i å ta på alvor.

Supporterane må òg skjerpe seg. Førre helg kasta Brann-supporterar bluss ned på banen i kampen mot Vålerenga og skada kunstgraset. Endå verre var det under kampen mellom Lillestrøm og Vålerenga i slutten av oktober.

Supporterane ber med dette om strengare reglar. Vil dei bruke pyroeffektar, må dei vise at dei kan bruke dei forsvarleg.

Sjølv om NFF har retningslinjer for bruk av pyro-effektar, skaper uklare signal frustrasjon. I samband med politiaksjonen på Lerkendal sa til dømes dagleg leiar i Rosenborg Tove Moe Dyrhaug at klubben er positiv til bruk av bluss, så lenge tryggleiken er i orden.

Like fullt gjekk likevel politiet på Lerkendal svært brutalt fram, ifølgje augevitner NRK tala med. Dette spriket mellom støtte og reaksjon er med på å frustrere supporterane og forsterke konflikten.

Noreg har svært lite tribunebråk, i høve til mange andre europeiske land. Denne saka kan gjere problemet verre. NFF bør difor snarast ta initiativ til eit møte med klubbane og supporterklubbane.

Det må vere mogeleg å få til ei løysing der bluss blir brukt til å skape stemning på kampane, utan at det set tryggleiken til publikum og spelarar i fare.

Med det på plass, kan ein så endeleg konsentrere seg om viktigare ting. Som straumen av vonbrot og lysglimt som går under namnet Brann.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».