Blått hav, grøn framtid

Regjeringas handlingsplan for klima- og miljøvenleg skipsfart har gode intensjonar, men altfor få tiltak.

STRAKASTE VEGEN: Også i framtida vil den raskaste vegen på Vestlandet gå tvers over fjorden. Då må det vere mogeleg å velje klimavenlege løysingar for trafikantane. Oddleiv Apneseth (arkiv)

Regjeringa har lagt fram sin «handlingsplan for grøn skipsfart». Målet er å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, i tillegg til å arbeide for utvikla nye løysingar som gjer at alle typar fartøy, frå snekke til ferje, slepp ut mindre klimagassar.

Båe delar er viktige for Noreg, verda – og Vestlandet. Her vest finn vi hovudsetet for maritim næring, i tillegg til at verftsindustrien, havbruk og offshoreverksemd dominerer langs kysten.

Samstundes skjer både samferdsle og rekreasjon gjerne på fjorden. Alle desse områda er omfatta av den nye handlingsplanen.

Under lanseringa i Bergen gjekk statssekretær Atle Hamar (V) langt i å antyde at det kan kome rause tilskot til snøggbåtar med lite eller null i utslepp.

Les også

BT meiner: Havets heltar

Vidare vil regjeringa stø fylke som satsar på låg- og nullutsleppsferjer. Dette er nokre av dei mest konkrete lovnadene i planen, og dei er svært positive.

På andre område, som fornying av lasteskipsflåten, vil regjeringa «gå i dialog med næringa».

Planen inneheld svært få nye krav. Med tanke på at det berre er ti år til 2030, kan det hende at det ikkje er nok med gulrot, men at det òg er naudsynt med pisk for å nå målet.

Les også

Havforskere med klare råd om olje

Delmåla i planen er gjennomgåande positive, som nullutsleppshamner og miljøfordelsordningar i dei norske skipsregistera.

Svært mange av tiltaka er formulert som at regjeringa vil «vurdere» dei. Regjeringa vil til dømes «ta initiativ til ein dialog med relevante næringsaktører for å drøfte ein mulig intensjonsavtale for flåtefornyelse for lasteskip». Det er ikkje akkurat særleg forpliktande.

Miljørørsla meiner derfor at den nye planen ikkje er offensiv og konkret nok. Likevel er det slik at mange av tiltaka ikkje kan kome i ein slik plan.

Noko av det viktigaste framover, er å forsterke Enova, som gjev støtte til klimavenlege løysingar. Kor mykje dei har å dele ut, vil bli avgjort i framtidige statsbudsjett.

Regjeringa er ikkje i mål med å stille klimakrav til skipsnæringa. Når ein ikkje stiller krav, bidreg ein heller ikkje til å presse fram innovasjon i sektoren.

Noreg kan ta eit globalt leiarskap i det grøne skiftet til havs. Det kan gje både arbeidsplassar, inntekter og gode løysingar.

Då må staten stille opp med både gulrot – og litt pisk.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».