Israel riv Palestina

Den israelske busetjingspolitikken undergrev landets tryggleik.

RIVINGA STARTA: Eit palestinsk bustadhus i Sur Baher, i utkanten av Israel, vert riven av israelske styresmakter. – For kvar ny busetjing og for kvar ny riving, vert freden endå mindre sannsynleg, meiner Bergens Tidende. Mahmoud Illean, TT NYHETSBYRÅN

Denne veka starta Israel rivinga av mange palestinske bustadar. Rivinga er blant dei største på mange år.

Rivinga er eit overgrep mot sivilbefolkninga på palestinsk side og vert møtt med sterk kritikk frå omverda.

Israelske styresmakter meiner at bygningane utgjer ei fare fordi dei ligg for nære muren. Palestinarane seier på si side at Israel gjer dette for å utvide eigne busetjingar og med det utvide den folkerettsstridige okkupasjonen.

Den skuldinga er truverdig. Ifølgje EU var utbygginga av nye busetjingar rekordhøg i andre halvår av 2018, med meir enn 7000 nye einingar. Meir enn 600.000 israelarar bur no på okkupert, palestinsk jord.

Israels handlingar undergrev tostatsløysinga, og den undergrev òg Israels eigen tryggleik. Terrorgrupper som Hamas og Islamsk jihad tener på eit aggressivt Israel. Moderate politiske rørsler har dårlege kår når folk vert utsett for tvangsflytting.

Sivilbefolkninga taper, og for kvar ny busetjing og for kvar ny riving, vert freden endå mindre sannsynleg. Utviklinga i talet på busetjingar kjem på toppen av at Israel har vedteke ei ny nasjonalstatslov som diskriminerer palestinarar.

Les også

Israel river palestinske hus i Jerusalem-området

Lova gjorde arabiske israelarar til andrerangs innbyggarar, ved å slå fast at det berre er innbyggarar med jødisk avstamming som har full sjølvråderett.

Statsminister Benjamin Netanyahu har fått ein ny giv etter at Donald Trump vart president i USA. Han veit at Trump støttar den negative utviklinga. Den amerikanske presidenten har gjort situasjonen verre ved å flytte den amerikanske ambassaden til Jerusalem.

Så lenge USA støttar fortrenginga av palestinarar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem, kjem Israel til å halde fram. Dei palestinske territoria vert stadig meir fragmentert, noko som gjer det langt vanskelegare for sivile palestinarar å bevege seg fritt.

Det internasjonale samfunnet må halde fram med å kritisere Israel for denne fortrengingspolitikken. Rettstilstanden mellom Israel og palestinarane må gjenopprettast.