På tide med republikk

Det at kronprinsen driv med politikk er meir problematisk for kongehuset enn sjamanen.

Publisert:

FOLKESTYRE: – Noreg treng ikkje arveleg makt i framtida, berre fordi ein har hatt det i fortida. Noreg bør gå over til eit fullverdig folkestyre, meiner BT. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix (Arkiv)

Noreg har eit populært kongehus, men det er ikkje eit haldbart argument for at landets statsoverhovud skal stå utanfor demokratiet.

Arvelege maktposisjonar er prinsipielt problematiske. Det finst ingen garanti som sikrar oss at barn av kongar blir gode kongelege.

I eit intervju med tyske Der Spiegel, tek kronprins Haakon til orde for fleire kraftkablar til utlandet, og går inn i debatten om framtida til den norske olje- og gassnæringa.

Kronprins Haakon deltar i statsråd, og leiar det når kong Harald er fråverande. Det er svært problematisk at han tar side i saker som er betente i kongens eige råd.

Styrken til det norske kongehuset har vore avstanden til dei demokratiske avgjerdene. Avstanden til politikken. Intervjuet til kronprinsen endrar dette.

I 2010 takka han ja til å delta i dåverande næringsminister Trond Giskes (Ap) næringslivsutval. Han trakk seg etter sterk kritikk mot rolleblandinga.

Kong Harald utfordra òg grensene i 2008, då Stortinget prøvde å oppheve statskyrkja. Han bad om at statsoverhovudet framleis måtte følgje den evangelisk-lutherske religionen.

Les også

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett sparket i gang sjaman-turné

Prinsesse Märtha Louise har òg aktualisert problemstillinga. Fedrelandsvennen kravde på leiarplass at ho skulle seie frå seg prinsessetittelen.

Det løyser lite. Det norske kongehuset har spelt ut si rolle som heilskap. Noreg bør innføre republikk.

Prinsessa har vore kontroversiell lenge. I dagens samfunn er det problematisk at eit medlem av kongefamilien bruker tittelen sin til å fremje eigne økonomiske interesser.

No gjer ho det saman med ein sjaman, som blant anna påstår at han er blitt «gjenfødt».

Foto: Faksimile, BT 10. november 1905

Historisk sett er det derimot meir normalt at kongelege utnytta posisjonen sin enn at dei var folkelege.

Monarkiet er nemleg ingen folkeleg institusjon. Det har alltid vore ein politisk, kulturell og økonomisk maktposisjon – der arv står sentralt. Det står i sterk kontrast til den demokratiske og likeverdige politiske kulturen som elles dominerer i Noreg.

BT har vore mot monarkiet i over 100 år. Like før folkeavstemminga om prins Carl av Danmark skulle bli Noregs konge i 1905, omtala BT monarkiet som ei «levning fra Middelalderens Kongevælde».

Argumenta er stadig dei same. Noreg treng ikkje arveleg makt i framtida, berre fordi ein har hatt det i fortida. Noreg bør gå over til eit fullverdig folkestyre.

Noreg bør avskaffe monarkiet og slutte å lene seg på ein antikvarisk institusjon.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».