Det er inga skam å vere fattig

Folk med dårleg råd må få vere med i diskusjonen om si eiga framtid.

Publisert Publisert

HISTORIER OM FATTIGDOM: Alle vil vinne på at Noreg blir eit land der færre er fattige. Skal vi få til det, treng vi at folk med dårleg råd sjølve er med i debatten om si eiga framtid, skriv Bergens Tidende på leiarplass. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

  1. Leserne mener

Tittelen på denne leiarartikkelen stemmer ikkje. For det er diverre skamfullt å vere fattig i Noreg i dag. Det er i seg sjølv ein viktig konsekvens av fattigdomen:

Ikkje berre har du dårleg råd. Du skammar deg i tillegg.

Det må vi som samfunn gjere noko med.

Dei siste vekene har vestlendingar med tom lommebok fortalt om sine eigne liv i Bergens Tidende gjennom serien «Historier om fattigdom». Deira forteljingar viser kor mange vegar det er til fattigdom:

Du kan ha blitt sjuk. Vore gjennom ei skilsmisse. Hatt ein vanskeleg oppvekst. Aldri kome deg inn på arbeidsmarknaden. Fått eit rusproblem. I mange tilfelle er det rein uflaks som fører til eit liv med dårleg økonomi.

Det fortel noko viktig: Storsamfunnet kan ikkje møte fattige menneske med mindre tillit enn kva andre folk blir møtt med.

Les også

Det er dyrt å være fattig

Det er ikkje grunn til å påstå at dei er latare, meir sløsete eller mindre arbeidsame enn andre folk. Ofte er det tvert om. Svært mange fortel om ein enorm innsats for å skåne barna sine mot dei verste konsekvensane av fattigdomen.

Det er ein dagleg kamp for å unngå mobbing, utanforskap og einsemd. Dei veit at fattigdom gjerne går i arv, og dei gjer gjerne kva dei kan for å unngå det.

Mange av historiene handlar om kor vanskeleg det er å få hjelp hos offentlege etatar. Fleire peikar også på kva type hjelp dei får:

Ytingar som matkasse, aktivitetskort eller søskenmoderasjon er bra. Men slike ordningar aukar ikkje summen på kontoen, slik at du som menneske får sjanse til å gjere dine eigne prioriteringar.

Les også

Det er sårt når du ikke kan kjøpe det barnet ditt ønsker seg mest av alt

Serien «Historier om fattigdom» må føre til ein ny debatt om kva Noreg skal gjere for våre medborgarar med dårleg råd. Det ordskiftet må fattige sjølve få delta i.

Vi ville aldri godteke at tariffavtalen til lærarane eller behandlinga for kreftsjuke blei debattert utan at dei som står i yrket eller dei som er pasientar fekk vere med. Kvifor skal ikkje det same gjelde fattige?

Det står stor respekt av dei som har stått fram med sine historier i Bergens Tidende. Dei fortener takk. Deira innsats bør vere med på å fjerne stigmaet mot fattige menneske i Noreg.

Alle vil vinne på at Noreg blir eit land der færre er fattige. Skal vi få til det, treng vi at folk med dårleg råd sjølve er med i debatten om si eiga framtid.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».