Må vi ofre privatlivet no igjen?

Noreg må kome gjennom koronakrisa utan at kvar og ein av oss blir sett under overvaking.

Publisert Publisert

Kinesiske styresmakter har brukt massiv overvaking for å få bukt med koronaviruset. Biletet er frå Shanghai tidlegare i mars. Foto: Aly Song, Reuters/NTB Scanpix (arkiv)

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er ti dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Store kriser fører så godt som alltid til at personvernet blir sett under hardt press. Både internasjonalt og her heime dukkar det gjerne opp «mellombelse» lover som plutseleg blir permanente.

Etter terroren 11. september 2001 ville justisminister Odd Einar Dørum frå personvernpartiet Venstre ha ein serie med svært inngripande terrorlover. Dei blei dempa etter tung kritikk i høyringsrunden.

Men etter terroråtaka i Madrid og London i 2004 og 2005 fekk Dørum på plass viktige og varige endringar: Telefon- og romavlytting blei lov, og terskelen for PST til å bruke det blei lågare enn før.

Les også

Jens Kihl: Nei, dette blei ikkje sjekkeappens høgtid likevel

Så tok dei raudgrøne over stafettpinnen. Våren 2011 gjekk Arbeidarpartiet i bresjen for å implementere datalagringsdirektivet i Noreg. «Dette er en styrking av personvernet», sa Aps parlamentariske leiar Martin Kolberg, ifølgje VG.

«Husk på at også kriminalitetsbekjempelse er personvern», sa Erna Solberg, som den gongen var parlamentarisk leiar for Høgre.

Eit par år seinare kom EU-domstolen til at direktivet var så inngripande mot grunnleggande rettar at det var ulovleg.

No står landet på ny i ei krise. Frå utlandet ser vi stadige døme på at overvakingsteknologi blir brukt for å stoppe koronaviruset.

Ein viss grad av kontroll kjem ein ikkje unna i tider som desse. Bergen kommune har no høve til å sende ut ei tekstmelding om dei fangar opp at svært mange mobiltelefonar er i same område.

Slike tiltak er svært milde, inneber ikkje lagring av data og bør reknast som akseptable.

Les også

Podkast: Noreg er framleis stengt. Er det ei god nyheit?

I Sør-Korea blir mobilane no brukte til å spore nøyaktig kor personar har vore, kven dei har møtt og til å sende andre informasjon om smitta personar dei kan ha vore i nærkontakt med, skriv NRK.

Israelsk politi bruker stadsdata for å sjekke at folk er i karantene. Kina, Taiwan og Singapore er andre land som har innført slike tiltak.

Personvernet er i praksis borte. Staten kan dele dine helseopplysningar med nær sagt kven som helst.

Oppmodinga til norske styresmakter er klar: Innfør så lite inngripande brot mot folks personvern som overhovudet mogeleg. Ver svært opne om kva tiltak som blir innførte og korleis dei blir brukte.

Og den dagen krisa er over: Gjennomfør ein personverndugnad for å sikre at kvar og ein får privatlivet sitt sikra. Helst betre enn før.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».