Bergen treng Bybanen

Bergen treng nye tal for kva Bybanen mot Åsane vil koste.

BANEN SKAL FRAM: Det er viktigare at Bybanen blir bygd enn kva trasé ein vel, skriv BT på leiarplass. Marita Aarekol (arkiv)

Det er viktigare at Bybanen blir bygd enn kva trasé ein vel. No bør alle partar vise kompromissvilje for å få til bane mot Åsane.

Dei siste dagane har BT presentert fleire saker om Bybanen. Dei viser at påstandane frå byrådet om at bane i tunnel blir fleire milliardar dyrare enn over Bryggen, ikkje har rot i kommunens eigne rapportar.

Fleire parti meiner no at byrådet må «ta fram kalkulatoren» og gje bystyret oppdaterte analysar. Det har dei rett i. Denne debatten er for viktig til å bygge på lause anslag og påstandar.

I dag ligg det eit vedtak i bordet om at Bybanen skal gå over Bryggen, men fleire parti ønskjer omkamp. Det nye bystyret er delt i tre blokker: For tunnel, for bybane langs Bryggen og mot bybane til Åsane (med mindre staten tek heile rekninga). Ingen av desse har fleirtal åleine.

Les også

Krev ny utgreiing om Bybane-pris etter talrot: – Ta fram kalkulatoren!

Derimot har debatten i tida etterpå synt at det er på høg tid med ei avklaring av kva som er sant og ikkje i bybanesaka.

Ein del av problemet med bybanedebatten er at det ikkje er semje om faktagrunnlaget. Då blir det svært vanskeleg – ikkje minst for bergensarar flest – å vurdere dei ulike alternativa opp mot kvarandre. Dette gjer det òg vanskelegare å få til eit mogeleg forlik.

I 2015-valet stod trasévalet mellom Bryggen og tunnel. Fire år seinare diskuterer Bergen nøyaktig dei same problemstillingane. Det kviler eit stort ansvar på dei politiske partia, først og fremst dei som no forhandlar om byrådsmakt, for å kome vidare i denne saka.

Les også

Politikerne bruker bybanetall som ikke er kvalitetssikret

Bybanen er ikkje eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for å redusere biltrafikken, betre bylufta, utvikle nye delar av kommunen og gjere det lettare å ferdast i Bergen.

Det er gode grunnar for å legge Bybanen langs Bryggen, men det viktigaste er likevel at banen blir bygd. Det er svært viktig å ha kontroll på byggekostnadene.

Det har ikkje byens politikarar i dag.

Bergen treng at denne saka blir løyst. Det bør gjerast ved hjelp av oppdaterte og kvalitetssikra kalkylar, kompromissvillige politikarar og ein debatt bygd på kunnskap.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».