Regjeringa har sett altfor kort høyringsfrist for framlegget til inngåing av bilaterale handelsavtalar. Framlegget er ei inngangsdør til avtalen om eit nytt, økonomisk fellesskap, The Transatlantic Trade and Investment Partnership, TTIP. Denne prosessen kan få omfattande konsekvensar, utan at landets borgarar er godt nok orienterte.

Særleg omstridd er den såkalla investor-stat-tvisteløysinga. Den gjer det mogeleg for kommersielle selskap å saksøkja Noreg. Rettargangen vil vera organisert i eit eige, internasjonalt tribunal. Taper Noreg, må regjeringa punga ut, som også for dei framtidige tap som selskapa måtte lida som følgje av politiske vedtak.

Les også:

Frykta er at norsk politikk blir endå meir rettsleggjort, og at norske standardar for miljø, arbeidsvilkår og velferd blir dømde ulovlege. Regjeringa bør godtgjera at frykta ikkje held mål. Det må søkjast brei, politisk oppslutning for ikkje risikera at dette utartar til ei ny, norsk EU-medlemskapssak.

Noreg er ikkje med i TTIP. Det er USA og EU som forhandlar om kva avtalen skal munna ut i. Føremålet er å fjerna barrierar og reguleringar for ein tredjedel av verdshandelen, og dermed leggja grunnlag for auka økonomisk vekst og fleire arbeidsplassar. Toll er det lite att av. No er det politisk vedtekne reguleringar og forordningar, i nasjonal eller EU-regi, som er største handelshinderet.

Les også:

Som EØS-medlem er Noreg berre med på lasset og vil ikkje vera omfatta av ein TTPI-avtale. Dette er regjeringas store dilemma. Noreg nyt godt av frihandel, med EU og USA som desidert største handelspartnarar. Ein TTIP-avtale mellom EU og USA vil føra til at Noreg må forhandla om ein eigen avtale med USA. Då står norsk jordbrukspolitikk på spel. Men det gjer også ei rekkje eksportnæringar, ikkje minst fiske­eksport.

Den raudgrøne regjeringa gav opp i 2009 etter å ha møtt motbør frå ei rekkje organisasjonar. Den blå regjeringa kunne ikkje tillata seg å gje opp. Deira strategi synest å vera å opptre som snillaste guten i klassen. Men brei støtte bør vera like viktig for den blå regjeringa som det var for den raudgrøne. Tilslutning til TTIP i ei eller anna form er ei nasjonal sak. Opplysingsbehovet blir ikkje mindre av at det er i gang forhandling om fjerning av handelshinder i tenesteytande næringar, Trade in Services Agreement (TISA).

Les også:

Noregs beste kort er motstanden mot framlegget til investor-stat-tviste­løysingar i ei rekkje EU-land, der dette framlegget har vekt mykje meir oppstyr og motstand enn her til lands. Slik TTIP-avtalen no er skissert, har veljarar i mange EU-land problem med å sjå at det finst andre vinnarar enn dei store, internasjonale selskapa. Desse konserna blir gjerne oppfatta som profesjonelle lobbyistar og skattesnyltarar, med urimeleg stor, politisk innverknad.

Like stor er frykta for at USA skal setja standarden for miljøkrav, arbeidsvilkår og velferdspolitikk, i eit jag mot eit minste felles multiplum.

Europa treng økonomisk vekst, norsk næringsliv må omstillast. Men regjeringa må godtgjera at prisen ikkje blir for høg.

Les også: