Viktig Fornybar-satsing

Det nye Fornybar-fondet må ikkje bli eit sysselsettingstiltak for eit vestland i krise.

Publisert Publisert
  • Bergens Tidende

VIKTIG: Det er Næringsdepartementet og statsråd Monica Mæland (H) som skal leggje føringar for investeringsfondet Fornybar AS.

iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Når regjeringa om nokre veker legg fram revidert nasjonalbudsjett, får vi vite kva mandatet til det nye statlege fondet Fornybar blir. Regjeringa bør nytte høvet til å vise at den meiner alvor med at ikkje alle statlege arbeidsplassar må liggje i hovudstaden.

Fondet bør sjølvsagt liggje i Bergen, men det er ikkje det viktigaste. Det sentrale er at fondet ikkje blir eit sysselsetjingstiltak for ein vestlandsregion i krise. Fondet si viktigaste oppgåve må vere å investere i prosjekt som kan utvikle nødvendig grøn teknologi og i tillegg gje ei fornuftig avkastning.

Etableringa av Fornybar AS er eit resultat av budsjettavtalen mellom Venstre, KrF og regjeringspartia Høgre og Frp. Fondet skal over tid få ein forvaltningskapital på inntil 20 milliardar kroner og investere i selskap som utviklar og brukar grøn teknologi, ifølgje avtalen.

  • Les også: Bykamp om 20 milliarder
    Som i så mange andre saker i landet vårt, dreier mykje av debatten om fondet seg no om kor det skal liggje. Bergen vil ha det, Stavangervil sjølvsagt ha det, Trondheim vil ha det. Alle byane meiner at dei har det beste fag— og finansmiljøet for at fondet skal etablere seg i akkurat deira by. Bergen har både kapitalforvaltningsmiljø og eit sterkt fagleg miljø rundt fornybar teknologi og forsking. Byen har over 6000 årsverk innan finanssektoren og vi har næringsklyngjer innan mellom anna klimaforsking, subsea og marin sektor.

Det er altså svært gode grunnar for at fondet skal liggje her. Det statlege investeringsfondet Argentum har sidan 2001 hatt hovudkontor i Bergen, og har levert god avkastning til staten på sine investeringar.

Sjølv om Vestlandet no står i ei særs utfordrande tid, med ein sterkt pressa arbeidsmarknad, er det viktig å tenkje langsiktig med Fornybar AS. Føremålet med dette selskapet er å bidra til å få fram ny og avgjerande teknologi som skal bringe oss over i ei ny tid, der vi er mindre avhengige av fossile energikjelder.

For å få dette til, må fondet kunne investere i selskap og prosjekt som kan gje avkastning. Fondet må ikkje bli eit næringspolitisk verkemiddel som investerer i selskap ingen andre vil investere i. Staten har allereie eit rikhaldig apparat av fond som skal stimulere til nærings- og distriktsutvikling. Fornybar må ikkje bli nok eit slikt politisk tiltak.

Ifølgje bestillinga i budsjettavtalen skal regjeringa vurdere om fondet skal ha eit globalt mandat eller om investeringane berre skal gjerast i Norge. Dersom fondet skal ha noko som helst truverd som eit profesjonelt investeringsfond, må det kunne investere i prosjekter både i og utanfor Norge, og det må kunne gå saman med private midlar.

Regjeringa må også stille krav til ei fornuftig avkastning, sjølv om fondet ikkje treng å vere ei utbyttemaskin. Det viktigaste er at forvaltarane vel dei beste og rette prosjekta, slik at målet blir nådd: Det blir utvikla ny og grøn teknologi som får konsekvensar for privatpersonar og industri og reduserer dei samla utsleppa.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. – Det er veldig mange biler på veiene. Mange har tatt ferie samtidig.

  2. Krever betalt for matservering selv om barna må ha med matpakke

  3. – Koronaheltene dolkes i ryggen

  4. Politiaksjon i Fyllingsdalen: – Mann dukket opp hos bedrift med våpen i hånden

  5. Åpner for reiser til Danmark - dette er reglene du må vite om

  6. – Vi får sårende spørsmål som ingen andre foreldre får

Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».