Regionreforma må ikkje kollapse

Samanslåingar i nord og aust kan øydeleggje for Vestland fylke. No må Stortinget redde regionreforma.

Publisert:

VIL SAMAN: Dei vanskelege samanslåingane må ikkje få øydeleggje for dei som faktisk går etter planen, meiner BT. Fra v.: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) Foto: Marita Aarekol (Arkiv)

Regionreforma er ille ute. No må Stortinget ta grep for at den ikkje kollapsar. Det er to samanslåingar som skapar problem. Regionreforma bør klare seg fint utan begge.

Troms og Finnmark har lenge vore i konflikt med regjeringa, og dei nektar å følgje Stortingets samanslåingsvedtak. No har arbeidet med å slå saman Buskerud, Akershus og Østfold til Viken òg stoppa opp.

Les også

Fire grunner til at regjeringen sliter

Regionreforma er bra for Vestlandet. Det er trist at det foreløpige resultatet her i vest er ei halvvegs samanslåing, der berre Hordaland og Sogn og Fjordane er med. Håpet er at Vestland skal bli til Vestlandet etter kvart.

Viss Vestlandet nokon gong skal samlast, må sentralmakta vise vilje til å gi frå seg oppgåver og ansvar. Fylka må bli sterkare saman enn det dei var kvar for seg. Bråket rundt Viken og Troms og Finnmark skadar det arbeidet.

Les også

Morten Myksvoll: Avmakt i nord

Dei to problematiske samanslåingane må løysast på ulike måtar. Viss Viken ikkje vert noko av, bør ikkje det få nokon konsekvensar for kva oppgåver fylkene skal ha i framtida. Viken fylke blir gigantisk, med nær 1,2 millionar innbyggjarar. Det er altfor stort.

Buskerud, Akershus og Østfold kan kvar for seg handtere fleire oppgåver enn dei har i dag. Viken-konstellasjonen synleggjer berre kor feil det var at Oslo fekk lov til å stå på utsida av regionreforma, trass i at Akershus og Oslo har eit omfattande samarbeid om kollektivtrafikk.

Les også

Trivselsfylket med advokathjelp

Troms og Finnmark blir Noregs minste fylke, sjølv etter at dei har slått seg saman. Hagen-utvalet har greia ut oppgåvefordelinga for regjeringa, og foreslo å flytte 5000 arbeidsplassar frå staten til fylka. Det er oppgåver som tilsvarer 24 milliardar kroner på statsbudsjettet.

Hagen-utvalet la til grunn at fylka ville ha minimum 240.000 innbyggjarar. Akkurat det Troms og Finnmark kjem til å få.

Slår dei seg ikkje saman, vert fylka for små for det Hagen-utvalet la til grunn for å handtere nye oppgåver. Når dei nektar å slå seg saman, bør dei difor avfinne seg med færre oppgåver enn dei fylka som oppfyller krava.

Motviljen i nord bør ikkje vere til hinder for å gi andre fylke meir ansvar.

Les også

KrF sikrer flertall for navnet Vestland

Stortinget skal i haust ta stilling til både Viken og Troms og Finnmark. Det kviler det eit stort ansvar på Stortinget i å få regionreforma tilbake på sporet.

Bråket i Viken og i nord må ikkje få øydeleggje det gode arbeidet som er gjort med til dømes Trøndelag, Innlandet og Vestland.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».