Nord-irsk trøbbel for May

Nok ein snublestein i Brexit-forhandlingane.

Virginia Mayo / TT / NTB Scanpix

Storbritannias statsminister Theresa May må no betale prisen for nyvalet ho arrangerte i vår. Der tapte ho fleirtalet i det britiske parlamentet, og gjorde regjeringa avhengig av støtte frå det nord-irske unionistpartiet, DUP.

I Brexit-forhandlingane måndag torpederte unionistane ei mogeleg løysing på spørsmålet om Nord-Irland, ei av dei vanskelegaste sakene. Ifølgje britiske medium hadde May og motparten, leiar for EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker, blitt samde om ei formulering. Den gav Nord-Irland ein slags EØS-status, med fri tilgang til EU-marknaden, men utan stemmerett.

Opne grenser mellom Nord-Irland og resten av den irske øya har vore eit krav frå EU-landet Irland.

Unionistane på si side kjempar ein kompromisslaus kamp for å sikre at Nord-Irland blir verande ein fullverdig del av Storbritannia etter utmeldinga av EU. Viss Nord-Irland blir ein del av den indre marknaden og Storbritannia ikkje blir det, vil det i røynda bli ei tollgrense mellom dei to.

Tilhengjarane av den forhandla fram avtalen argumenterer med at dette berre vil skje viss Storbritannia ikkje klarer å få til nokon handelsavtale med EU, ein såkalla hard Brexit. Optimistane trur ikkje det vil skje, men det var altså ikkje nok for DUP.

Nord-Irland har no blitt det største problemet i Brexit-forhandlingane. For to veker sidan vart partane langt på veg samde om kva Storbritannia må betale EU.

Skulle May få til ein avtale om Nord-Irland står det ei stor sak att: statusen til framandarbeidarane frå EU i Storbritannia, og Storbritannias borgarar som bur i EU. EU vil at alle skal ha dei same rettigheitene som no. Men det betyr at dei blir sett under juridisk vern av EU-domstolen, noko May har sagt absolutt nei til.

Spørsmålet om suverenitet er sjølve kjernen i Brexit. Britane vil ikkje gå ut av EU, berre for å oppleve at EU-Domstolen framleis har makt og mynde i landet.

Den siste månaden har det kome meir realisme i forhandlingane frå britisk side. May er som vanleg optimistisk, men tida går fort. 14. desember møtast leiarane frå EU-landa for å avgjere om EU skal byrje forhandlingane om ein ny handelsavtale med Storbritannia. Blir det utsett vil det kunne få store konsekvensar for britisk næringsliv.

Men det spørst kor tungt det veg for unionistane i Nord-Irland.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».