Tid for forsoning

Med Listhaug ute av regjeringa byrjar arbeidet med å reparere tilhøvet til KrF.

Publisert: Publisert:

NYE KRAV: KrF-leiar Knut Arild Hareide gav langt på veg statsminister Erna Solberg (H) ansvaret for at Sylvi Listhaug held seg i skinnet, når ho no byrjar i Stortinget. Det kan bli vanskeleg, skriv BT på leiarplass. Foto: NTB Scanpix

Sylvi Listhaug løyste opp i ein floke, då ho i går trekte seg frå regjeringa. På pressekonferansen etterpå la ho kimen til ein ny. Å karakterisere regjeringas støtteparti KrF som «eit parti totalt utan ryggrad», bidreg ikkje til å sikre det samarbeidet i Stortinget regjeringa er avhengig av.

Listhaug gjorde det krystallklårt at ho vil halde fram med retorikken ho etter kvart er så kjend for, og med det viste ho at det einaste rette var at ho forlét regjeringa.

I valkampen i fjor var frustrasjonen over Listhaugs retorikk så stor i KrF, at det medverka til at dei valde å stå utanfor regjering. Og i går truga dei med å kaste den regjeringa dei sjølve peika på etter valet. Det viser sprengkrafta i Listhaugs metode.

MEIR BRÅK: Sylvi Listhaug avslutta si periode som justisminister, ved å karakterisere samarbeidspartiet KrF som «eit parti totalt utan ryggrad». Foto: NTB Scanpix

Innvandring er ei av vår tids største saker. Mange er urolege over innvandringa til Noreg. Det er difor viktig at ein framover diskuterer sak, utan bevisst å provosere og stemple meiningsmotstandarar.

Regjeringa har eit særskild ansvar for å leggje til rette for det, og det blir lettare utan Listhaug i kollegiet. Ho vil nok provosere framover òg, men for samarbeidet med KrF kan det vere lettare når provokatøren ikkje sit i regjeringa.

Likevel ventar no KrF at Frp held seg i skinnet, òg på Stortinget. KrF-leiar Knut Arild formulerte det som ei formaning til statsminister Erna Solberg (H), i ordskiftet på Stortinget i går føremiddag:

«Statsministeren har ansvaret for at korkje statsrådar eller regjeringsparti får driva fram med dobbelkommunikasjon. No må det setjast ein annan standard for det offentlege ordskiftet, og for kva ein kan seie i storting og regjering.»

Men det er krav det kan bli vanskeleg for Solberg å oppfylle. Når ho ikkje klarte å styre Listhaug i regjering, blir det neppe lettare når ho no går til Stortinget.

For Erna Solberg blir det no viktig å skape eit betre tilhøve til KrF, for å gje regjeringa eit tryggare grunnlag. Er det noko Listhaug-saka har vist, er det at eit godt tilhøve ikkje blir skapt gjennom politisk gjennomslag åleine. Retorikk er viktig, ikkje minst på innvandringsfeltet.

Så sjølv om regjeringskrisa no er avverja, blir det neppe lett for regjeringa framover.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».